Kalmarunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalmarunionen
Personalunion
Flag of Denmark.svg
 
Royal Standard of Norway.svg
 
Flag of Sweden.svg
13971523 Flag of Denmark.svg
 
Flag of Sweden.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Kalmarunionen
Kalmarunionen på byrjinga av 1500-talet, med dagens grenser over.
Hovudstad København
Religion Romersk-katolsk
Styreform Føydale monarki i personalunion
Regent
 - 1387–1412 (Danmark)
   1388–1389 (Noreg)
   1389–1412 (Sverige)
Margrete Valdemarsdotter
 - 1389–1442 (Noreg)
   1396–1439 (Sverige)
   1396–1439 (Danmark)
Erik av Pommerna
 - 1481–1513 (Danmark)
   1483–1513 (Noreg)
   1497–1501 (Sverige)
Hans av Danmark, Noreg og Sverige
 - 1513–23 (Den. & Nor.b)
   1520–21 (Sverige)
Kristian II
 - 1524–33 Fredrik I
Lovgjevande forsamling Riksråd og Herredag (ein i kvart kongedøme)
Historisk periode Mellomalderen
 - Margaret I anerkjend som regent av Danmark 1387
 - Oppretta 17. juni 1397
 - Engelbrektopprøret 1434–36
 - Stockholmblodbadet November 1520
 - Gustav Vasa valt til konge av Sverige 6. juni 1523
 - Dansk Rigsråd annekterer Noreg 1523
 - Kielfreden 14. januar 1814
I dag ein del av Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Flag of Germany.svg Tyskland
Flag of Greenland.svg Grønland
Flag of Iceland.svg Island
Flag of Norway.svg Noreg
Flag of Sweden.svg Sverige
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Russia.svg Russland (delvis)
Flag of Åland.svg Åland
a: Erik VII av Danmark, Eirik III av Noreg, Eric XIII av Sverige
b: Kristian II av regent av Noreg frå 1506

Kalmarunionen er ei nemning på personalunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg mellom 1397 og 1523. Kongeriket Sverige styrde over delar av det seinare Finland. Kongeriket Noreg styrde over Færøyane, Island og Grønland. Dei tre kongerika hadde ein sams monark, men hadde eigne riksråd. Sverige var misnøgd med unionen, og Danmark si sterke makt. Den 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, og Kalmarunionen braut saman. Unionen mellom Danmark og Noreg heldt fram, som Danmark-Noreg.

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Kong Albrekt av Mecklenburg var innblanda i ei arvsstrid om arvet etter Bo Jonsson. Albrekts motstandar, delar av den svenske høgadelen, søkte i denne konflikten hjelp av Margrete Valdemarsdatter, Danmark og Noregs regent. Saman styrta dei svenske rebellane og danskane kong Albrekt i 1389. Som eit resultat av dette skapa dronning Margrete ein union av Danmark, Sverige og Noreg i Kalmar. Den 17. juni i 1397 krona dronning Margrete nevøen Erik av Pommern til konge over alle dei tre nordiske landa.

Dronning Margrete og seinare Erik heldt derimot ikkje løfta sine til høgadelen særskilt bra. Dessutan måtte bøndene betala ekstra skatt, og krig mot importland minska den svenske eksporten. I 1434 resulterte dette i Engelbrektsopprøret.

Konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Det var utbreidd misnøye i Sverige med unionen, og det av fleire grunnar. Ein grunn var sentraliseringa av makta til Danmark, ei anna var Danmark sin stadige krig med Schleswig, Holstein, Mecklenburg og Pommern, eit stadig irritasjonsmoment for den svenske jerneksporten til kontinenta. Vidare bidrog dei danske futane til misnøye gjennom den tøffe skattlegginga av dei allereie hardt råka svenske bøndene. Dessutan fanst det framleis tvistar der avtalar hadde blitt inngått men ikkje komme til gjennomførte. Engelbrekt Engelbrektsson leidde ei tid ein del av folket i opprør mot danskane sitt velde i Sverige. Det svenske aristokratiet sitt krav på suverenitet voks seg sterkare i dei fleste ledda inntil Kristian II, den dåverande kongen i unionen, gjorde ein utrensking i Sverige under Stockholms blodbad i 1520.

Oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Stockholms blodbad gjorde at svenskane enda ein gong prøvde å driva ut danskane, og dei lukkast med dette i 1521. 6. juni 1523 blei Gustav Vasa valt til konge over Sverige, som då blei eit suverent monarki igjen. Danmark beheldt kontrollen over Noreg heilt fram til 14. januar 1814, då Noreg blei gitt til Sverige i utbytte mot Pommern.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]