Peter Andreas Munch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Peter Andreas Munch, ca 1860
Foto: Olsen & Thomsens Photographiske Atelier/Nasjonalbiblioteket
P.A. Munch

Peter Andreas Munch (15. desember 181025. mai 1863), ofte omtala som P.A. Munch, var ein norsk historikar. Han er kjend for arbeidet sitt med norsk mellomalderhistorie.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kart over Noreg og Sverige teikna av P.A. Munch til H. Siewers: Geographisk Börnelærdom, Christiania 1847

Munch etterlét seg ei omfattande samling skriftleg material i spennet frå lingvistikk til kartografi og populærvitskapleg formidling. Dårleg økonomi gjorde at han ofte måtte ta på seg ekstraarbeid og skriveverksemd for å spe på løna frå universitetet. Lenge var han redaktør og viktigaste bidragsytar til Norsk Maanedsskrift. Han teikna dei beste karta over Noreg i si samtid, og han var ein røynd språkforskar. Med inngåande kjennskap til norrøn skriftkultur vart han ein talsmann for å rekonstruera eit eige norsk skriftspråk basert på overleverte gamalnorske element i folkemåla. Mellom anna stødde han opp om Ivar Aasen sitt prosjekt om å granska målføre. Samstundes var Munch oppteken av å halda på det dansknære skriftspråket, og var mot å ta inn norske ord i dansken.

Som ein av dei fyrste ikkje-katolikkar fekk Munch tilgang til arkiva i Vatikanet, der han la grunnlaget for hovudverket sitt, Det norske Folks Historie i åtte band.

Han bygde på Rudolf Keyser sine teoriar om at norrøne nordmenn hadde innvandra frå nord. Keyser og Munch sitt syn har vorte kalla «den norske historiske skole». Svenskane og danskane hadde kome frå sør, og vorte oppblanda med tyske gotarar. Slik kunne ein byggja opp om nordmennene si nasjonalkjensle innan nasjonalromantikken.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

P. A. Munch vart fødd i Christiania som son av seinare stiftsprost Edvard Storm Munch og Johanne Sophie Hofgaard. I oppveksten budde han på Gjerpen prestegard, der faren var sokneprest frå 1813.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Faren si opplæring heime la grunnlag for vid kunnskap innan språk og historie. På Skiens lærde skole kom han i klasse med Anton Martin Schweigaard, som vart venen hans for livet. Saman står dei på sokkel utanfor universitetsbygget i Oslo.

Munch gjekk ut av latinskulen i 1828 og tok juridisk embetseksamen i 1834. Han tok sikte på å verta historikar, og han fekk eit lektorat i historie i 1837 etter å ha drive feltarbeid ved Riksarkivet i København. I 1841 vart han professor i historie, og i 1861 var han utnemnd til riksarkivar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Munch gifta seg i 1835 med Nathalie Charlotte Linaae frå Larvik (18121900). Saman fekk dei tre døtrer og ein son. I 1859 reiste Munch med familien til Roma for å skriva av kjeldemateriale med tilknytting til Noreg i Vatikanets arkiv. To år seinare drog han heim til Christiania for å arbeida med materialet for sitt eige historieverk.

Død[endre | endre wikiteksten]

I 1863 var Munch attende i Roma, men etter kort tid vart han ramma av eit hjerneslag. Hjerneslaget vart utløyst av at han på ein varm vårdag ville kjøla hovudet i ei fontene. Bakom låg òg eit stort arbeidspress. Han døydde i Roma etter eit kort sjukeleie og vart gravlagd på den protestantiske kyrkjegarden der.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

P.A. Munchs hus ved Universitetet i OsloBlindern er oppkalla etter han.

Munch var onkel til kunstmålaren Edvard Munch.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]