Unterseeboot 864

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med U-864 avmerkt

«Unterseeboot 864», eller ofte omtala som «U 864», var ein tysk ubåt. Mot slutten av andre verdskrig, den 9. februar 1945, vart han søkt av ein britisk ubåt. Ubåten ligg på havbotnen utanfor Fedje i Nordhordland. Ut frå arkivmaterial har ein funne ut at ubåten hadde opp til 70 tonn flytande kvikksølv om bord, lagra i stålflasker. Det vert rekna som truleg at kvikksølvet vil øydeleggja havlivet og fiskeriet i området om det skulle blanda seg med havvatnet. Det vert arbeidd med ulike alternativ for å minska mogleg forureining frå ubåten. Vraket av «U-864» vart funne av det norske Sjøforsvaret i mars 2003, kring 150 meter under havoverflata.

I januar 2009 vedtok regjeringa at vraket av ubåten skulle hevast.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hever u-båten. Bergens Tidende (29. januar 2009).
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.