Unzja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Unzja | ||
|
|
||
| Munning | Volga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 426 km | |
| Middelvassføring | 158 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 27 800 km² | |
Unzja (russisk Унжа) er ei elv i Vologda og Kostroma oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 426 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 800 km². 50 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 158 m³/s, men vassføringa varierer mykje gjennom året. I vårflaumen er maksimumet 2520 m³/s og om vinteren heilt nede i 7,82 m³/s.
Unzja startar der elvane Kema og Lundonga renn saman og munnar ut i Unzjenskij-bukta i Gorkij-reservoaret. Ho frys vanlegvis til i november og er isdekt til april-mai.
Dei største sideelvane hennar er Viga, Neja og Mezja.
Langs Unzja ligg byane Kologriv, Manturovo og Makarjev.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Unzja» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2008.