Upanisjad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Upanisjadane (sanskrit उपनिषद्, upaniṣad, 'sitja nære', 'lære') er namnet på ei rekke hinduskrifter som tolker og forklarar Vedaene og hinduismen. Tekstane blir og kalla vedanta, som tyder 'enden på Vedaene'.

Det finst fleire hundre upanisjadar, men alle blir ikkje godtekne av alle retningane innan hinduismen. Som Vedaene blei dei overførte munnleg før dei blei skrivne ned, men språket er som regel klassisk, altså nyare enn den vediske sanskritforma Vedaene bruker.

Spire Denne religionsartikkelen som har med hinduisme å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.