Munnleg overlevering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kirgisisk forteljar. I sentralasiatisk kultur står den munnlege overleveringa framleis sterkt.

Munnleg overlevering er ein måte å hugsa ting på i samfunn som legg lita eller inga vekt på skriftleg overlevering. Denne metoden kan formidla litteratur, historie og lovar over generasjonar.

Gamle samfunn, frå det norrøne til det opphavlege australske, har brukt munnleg overlevering til å hugsa det dei såg på som viktig. I dag er slik overlevering mindre viktig, men ho er likevel i framleis bruk i dagens norske samfunn, til dømes i form av vandrehistorier.

Mytiske overleveringar kan ha form som lange dikt eller historier. Dei er meint å formidla visdom, moral og ritual frå ein generasjon til den neste. Andre tradisjonar kan vera meinte til å underhalda, og er korte og lausare i forma - vitsar og mange eventyr er døme på dette. Songar er òg ein viktig del av den munnlege tradisjonen, og mange viktige verk kan bli framførde ved hjelp av musikk.

Er det truverdig?[endre | endre wikiteksten]

Mange historikarar ser på munnleg overlevering som ei lite påliteleg kjelde når dei skal rekonstruera kva som faktisk skjedde. I skriftsamfunn er ein då òg kjend med «fjøra som blei til fem høns», korleis ei munnleg historie lett kan endra seg frå ei forteljing til den neste, og til slutt bli heilt ulik det som eigentleg hende.

Men i kulturar utan skriftspråk er reglane for den munnlege overleveringa mykje strengare. Den som skal bera historia vidare blir vald ut i ung alder og trent opp til å hugsa. Også merksame tilhøyrarar spelar ei rolle. Under ei framføring vil lydarane raskt merka om noko er endra frå sist gong, og retta feilen. Same trekket kan me òg sjå i små ungar som stadig vil høyre den same historia om att, heilt utan endringar.

Dei hinduiske vedaene, som allereie er fleire tusen år gamle, blir framleis lærte munnleg av visse hinduiske trussamfunn, som meiner det er gale å skriva dei ned. Den munnlege lærdommen har ikkje endra seg nemneverdig frå versjonane som blei skrivne ned for over to tusen år sidan.

Med nye øyre[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som skriftkulturen vann fram i Europa, godt hjelpt av boktrykkarkunsten til Gutenberg og ein streng vitskapleg metode, fekk den munnlege tradisjonen mindre og mindre verdi. Forteljing av soger og legender blei sett på som noko dei fattige og uutdanna dreiv med.

Då denne delen av samfunnet endeleg byrja å få litt respekt, i samband med romantikken og tankane om eit reint, naturleg samfunn, fekk òg den munnlege tradisjonen ein liten dytt oppover på rangstigen. Eventyrsamlarar la i veg først, for å grava opp den kulturskatten som hadde lege gøymd i «folkedjupet». Etter kvar kom antropologar og folkloristar til som prøvde å forstå folk gjennom historiene dei fortalde.

Til sist har ei ny grein vakse fram innan historiefaget. Munnleg historie samlar det vanlege folk hugsar frå tidlegare tider. Medan munnleg overlevering tidlegare var den einaste måten ein kunne hugsa verda på, er munnleg historie i dag ein av mange måtar for å dokumentera fortida.