Uppåkra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°40′0″N 13°10′10″E

Lund og Uppåkra: Hovudtårnet på Lunds domkyrkje i framgrunnen, med kyrkjetårnet på Uppåkra kyrkje i bakgrunnen til venstre, rett sør for domkyrkjetårnet.
Rekonstruksjonar av korleis ein tenkjer seg utsjånaden på det heidne hòvet som det er funne spor og gjenstandar etter i Uppåkra
Området sør for Uppåkra kyrkje med eit kvitt telt som vernar om arealet der dei arkeologiske utgravingane gjekk føre seg i 2009.

Uppåkra (eigenleg Stora Uppåkra) er ein landsby på Lundaslätten i Staffanstorps kommun i Skåne i Sverige, ein dryg halv mil sør for byen Lund. I sør grenser Stora Uppåkra til landsbyen Lilla Uppåkra.

Uppåkra er vidgjeten for dei funna som har kome for dagen etter arkeologiske granskingar, og som har synt at det låg ein byliknande busetnad på om lag 40 hektar her i jarnalderen. Mellom dei viktigaste funna som vart gjort, er spor og gjenstandar frå ein bygning som ein reknar med har vore eit heilag, spesialisert kulthus, og er tolka som eit hòv.

Uppåkra, som soleis har vore ein viktig vikingtidsbusetnad og kultplass, vart nedlagt i løpet av vikingtida eller i tidleg mellomalder. Ein meiner at aktiviteten vart overførd til Lund, utan at det er klårt kvifor dette skjedde.