Urbanisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prosentvis del av innbyggjarane i ulike land som bur i byar og tettstader. Tala er frå 2006. [1]

Urbanisering vil seia at fleire folk i eit samfunn flyttar frå landsbygda og slår seg ned i byar. I statistikken er urbanisering eit prosenttal på kor stor del av eit område si befolkning som bur i byar. I berekningsmåten av urbaniseringsgrad som SN tilrår vert ein by definert som eit område med minst 20 000 innbyggjarar.

Byvekst har ofte nær samanheng med industrialiseringa av eit samfunn, som skaper fleire arbeidsstader i byane og færre innan jordbruk. Derfor har det pågått urbanisering i den vestlege verda frå den industrielle revolusjonen1800-talet, medan andre delar av verda har opplevd fenomenet medan dei har utvikla sin eigen industri.

Kraftig og ukontrollert urbanisering kan føra til at mange menneske bur i uregulerte og dårlege bustader, gjerne i slummar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.