Brukar:Ekko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
nn-3 Denne brukaren meistrar nynorsk flytande.
nb Denne brukeren har norsk som morsmål og skriver bokmål.
en-3 This user is able to contribute with an advanced level of English.
de-1 Dieser Benutzer hat grundlegende Deutschkenntnisse.

Eg har laga ei side om bruken av nettlesaren Firefox med utvidinga Zotero, for å hente og bruke kjelder i Wikipediarbeide: Firefox hjelpeside. Dette var ein del av krosstoget mitt, kampen mot «Omtrentlegpedia». «Omtrentlegpedia» spring ut av haldninga om at det er godt nok at opplysingane her «truleg er nokså rette i dei fleste tilfella». I mine auger er ikkje det godt nok, ein skal ikkje skrive inn noko om ein ikkje heilt utan rimeleg tvil kan gå god for at dette er heilt rett, og kan leggja inn kjelder for at saka er slik ein skriv. Dette går eigentleg klart fram av grunnprinsippa og retningslinene våre, men dei er det alt for mange som gjev blanke f.... i.

Når eg i mai 2009 ser 12 månader bakover ser eg at det er liten eller ingen framgang på dette feltet. Artiklar blir skrivne som inneheld rein synsing, spekulasjon og eigne meiningar. Påpeiking av dette fører ikkje fram. Omsetting av framandspråklege wikipediaartiklar som oversettaren ikkje skjøner innhaldet av er rekna som framifrå verksemd. Om det er rett eller ikkje det som me skriv inn er det ingen som veit. Vilje til endring finst det lite av.

Tanken bak Wikipedia, slik eg oppfatta han, var at ein med dugnadsarbeide skulle få fram stadig fleire, stadig rettare artiklar, at feila skulle lukast bort og at me skulle gje gratis kunnskap til alle. I staden har me fått ein tilnærma konsensus på at spørmålet om korrekte og etterprøvbare fakta er eit underordna spørsmål. Ei haldning som bokmålswikipediaen har drivi ut i det parodiske med eit vedtak om at artiklar skal ligga på det oppslagsordet folk flest forventar. Det er altså ikkje kva som er rett som er spørsmålet, men kva folk flest trur er rett.

Så da har me ein kunnskapsbase som er som ein flytevest som stort sett flyt: heilt ubrukeleg. --Ekko 15. mai 2009 kl. 15:06 (CEST)