Utstillingsdokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To utstillingsdokker utan klede utforma som mann og kvinne.

Ei utstillingsdokke eller mannekeng er ein modell av eit menneske, som regel i naturleg storleik, som blir brukt til å visa fram korleis klede, hårstilar, parykkar og tilbehøyr tek seg ut når ein har dei på. Dokkene blir ofte brukte i utstillingsvindauge og butikkar for å visa fram klede og anna utstyr som er til sals, men kan også brukast til å visa klede og utstyr i samanheng, til dømes på museum.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Utstillingsdokker kan lagast som vaksne menn og kvinner eller som barn. Dei har rette menneskeproporsjonar, men treng ikkje ha detaljerte trekk, ettersom hovudoppgåva deira er å visa fram korleis klede sit. Nokre av dei kan mangla ansiktstrekk eller til og med hovud. Utstillingsdokker finst som heile menneskefigurar eller som delar av menneske, som torsoar, hovud eller enkeltarmar og -føter.

Ofte har dokkene delar og lemmer som kan takast frå kvarandre. Desse kan brukast til å posera dei på ulike måtar, i nokre høve til å få fram ei utsegn eller forteljing. I moteverda tyder til dømes nakne utstillingsdokker på storsal.[1]

To unge kvinner og ei dokke i moteklede. Illustrasjon frå Le Journal des Demoiselles frå 1857.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utstillingsdokker er utvikla frå skreddarbyster og små påkledde modellar brukte av skreddarar og motehus frå 1400-talet av.[2] Namnet «mannekeng» stammar frå mellomnederlandsk mannekijn eller mannaken, som tyder 'liten mann', og er forvanska gjennom fransk.[3] Seinare er «mannekeng» blitt eit vanleg uttrykk om ein levande person som viser fram klede.[4]

Frå midten av 1700-talet tok ein i bruk korgfletta modellar i naturleg storleik som utstillingsdokker. Frå 1835 laga ein modellar av ståltråd, og frå midten av 1800-talet laga ein meir livaktige dokker av pappmasjé i Paris. For å få dei endå meir naturtru laga ein voksdokker, og frå 1920-åra blanda ein inn gips for å gjera dei meir haldbare.[2] I dag er dokkene hovudsakleg laga av hardplast eller glasfiber.[3]

Døme på bruk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Utstillingsdokke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kastet klærne for Ådne Søndrål», SEHER.NO, http://www.seher.no/856716/tre-modeller-kastet-klaerne-for-%C5dne-sondraal 
  2. 2,0 2,1 Valerie Steele, ed. (2005), Encyclopedia of Clothing and Fashion, Detroit: Charles Scribner's Sons (oppgjeven av Engelsk Wikipedia)
  3. 3,0 3,1 Alex Newman; Zakee Shafiff, «mannequin», Fashion A-Z, London: Laurence King Publishing 
  4. «mannekeng» i Nynorskordboka