Vakuumenergi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vakuumenergi er energi som er att i eit område når all materie og energi som er mogeleg å bli kvitt, er fjerna. Vakuumenergi kan mellom anna kome frå virtuelle partiklar, som ein trur er partikkelpar som brått oppstår og forsvinn att så raskt at det ikkje er mogeleg å observere. Dei er venta å gjere dette overalt i universet. Oppførselen deira er føresagt som ein del av Heisenbergs uskarpsleiksprinsipp for energi og tid, men den eksakte effekten av så flyktige partiklar er vanskeleg å kvantifisere.

Effekten av vakuumenergi er observert gjennom eksperiment i forskjellige fenomen som spontanemisjon, Casimireffekten og lambforskyving, og er trudd å påverke universetkosmologisk skala. Ved å bruke den øvre grensa for den kosmologiske konstanten er vakuumenergien i ein kubikkmeter tomrom estimert til å vere 10−9 Joule.[1] Men i både kvanteelektrodynamikk (QED) og stokastisk elektrodynamikk (SED), og i følgje prinsippa for Lorentz-kovarians og med storleiken til Planck-konstanten må denne verdien vere større enn 10113 Joule per kubikkmeter.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sean Carroll, Sr Research Associate - Physics, California Institute of Technology, June 22, 2006C-SPAN broadcast of Cosmology at Yearly Kos Science Panel, Part 1
  2. Peter W. Milonni - "The Quantum Vacuum"
  3. de la Pena and Cetto "The Quantum Dice: An Introduction to Stochastic Electrodynamics"