Valentina Stenina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valentina Stenina

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 29. desember 1934 (89 år)
Babrujsk
Yrke skøyteløpar
Ektefelle Boris Stenin
Valentina Stenina på Commons

Valentina Sergejevna Stenina, fødd Miloslalova, (fødd 29. desember 1934) er ein tidlegare skeiseløpar frå Babrujsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister på lengdeløpsskeiser i 1960, 1961 og 1962, og var gift med Boris Stenin.

Stenina fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i VM 1959 i Sverdlovsk, der ho vart nummer to etter landskvinna Tamara Rylova. Året etter var rollene omsnudd då VM 1960 fann stad i Östersund. Ein månad seinare tok Stenina sølvmedaljen på 3000 meter under Vinter-OL 1960, bak landskvinna Lidija Skoblikova. Vinteren 1961 forsvarte Stenina VM-tittelen i Tønsberg, etter å ha vunne dei tre kortaste distansane. Etter eit nytt OL-sølv bak Skoblikova på 3000 meter i 1964, kleiv ho opp på sølvplassen ved skeise-VM 1965 i finske Uleåborg. Stenina vart verdsmeister for tredje gong i 1966. På Øya stadion i Trondheim sikra ho seg laurbærkransen utan å ha vunne ein einaste distanse, men etter å ha vore på pallen i samtlege fire.

Stenina vart sovjetisk meister fire gongar: 1961, 1965-67. Ho la opp i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]