Valerij Spitsyn
Valerij Spitsyn | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 5. desember 1965 (58 år) Magnitogorsk |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Valerij Anatoljevitsj Spitsyn (fødd 5. desember 1965) er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Magnitogorsk som i 1994 vart europameister på 50 kilometer, året etter han vann VM-bronse på same distansen.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Spitsyn vart i 1992 nasjonal meister på 50 km, før han seinare på året deltok i dei olympiske sommarleikane i Barcelona. I den spanske OL-byen gjekk lagkameraten Andrej Perlov inn til siger, sjølv vart Spitsyn fjerdemann på tida 3.54.39, 54 sekundar unna bronsemedaljøren Ronald Weigel. Eitt år seinare sikra Spitsyn seg bronsemedaljen ved Friidretts-VM 1993 i Stuttgart der han kom i mål etter 3.42.50 tids gange, berre gullvinnar Jesús Ángel García frå Spania og finnen Valentin Kononen gjekk fortare. Under EM i friidrett 1994 i Helsinki sigra Spitsyn på tida 3.41.07, to-og-eit-halvt minutt føre Thierry Toutain frå Frankrike.
Den 21. mai 2000 vann Spitsyn den russiske meisterskapen på verdsbestetida 3.37.26, ein rekord som gjaldt til august 2002.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 1992 i Barcelona: Nr 4 – 3.54.39
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 3.42.50
- EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 3.41.07, framom Thierry Toutain (3.43.52)
- VM 1995 i Göteborg: Braut
- OL 2000 i Sydney: Braut
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Waleri Anatoljewitsch Spizyn» frå Wikipedia på tysk, den 18. juni 2019.
- «Valery Spitsyn» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.