Riftdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den nordlege delen av Riftdalen. Sinaihalvøya ligg midt på bilete, med Daudehavet og Jordanelva over.

Riftdalen er eit utstrekt geografisk og geologisk område, ein rift, med ei lengd på om lag 6 400 km frå nordlege område av Syria i Sørvest-Asia til sentrale område av Mosambikk i Aust-Afrika. Dalen er skapt ved at fleire kontinentalplaterjordskorpa glir frå kvarandre. Riftdalen er mellom 30 og 100 km brei, og frå eit par hundre til fleire tusen meter djup. Han vart namngjeven av utforskaren John Walter Gregory.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det store riftsystemet strekkjer seg frå Libanon i nord til Mosambik i sør. Den nordlegaste delen av Riftdalen dannar Beqaadalen i Libanon, som skil Libanonfjella frå Antilibanonfjella. Lenger sør er dalen kalla Hulahdalen, mellom fjella i Galilea og Golanhøgda. Jordanelva har sitt utspring her, og renn sørover gjennom Hulahsjøen til Genesaretsjøen, og vidare gjennom Jordandalen ut i Daudehavet på grensa mellom Israel og Jordan. Frå Daudehavet og sørover består Riftdalen av Wadi Arabah, så Aqababukta og Raudehavet.

Jordandalen sett frå rommet

Den sørlege delen av Raudehavet markerer ei forgreining i rifta. Afar-triangelet eller Danakil-fordjupninga i Etiopia og Eritrea er eit mogeleg trippelpunkt der ein kanskje har ein mantelplum under. Adenbukta er den austlege forgreininga av kløfta, og før rifta opna seg var Den arabiske halvøya forbunde med Afrikas horn, og frå her held rifta fram som ein del av den midtoseaniske ryggen i Det indiske havet. Sørvestover held forkastinga fram som Riftdalen, som deler det eldre etiopiske høglandet i to.

I Aust-Afrika deler dalen seg i to, Den austlege Riftdalen og Den vestlege Riftdalen.

Den vestlege Riftdalen, òg kalla Albertinerifta, ligg ved sida av nokre av dei høgaste fjella i Afrika, inkludert Virungafjella, Mitumbafjella og Ruwenzorifjella. Her ligg Riftdalsjøane, som inneheld nokre av dei djupaste innsjøane i verda (opp til 1 470 meter i Tanganyikasjøen). Victoriasjøen, den nest største ferskvassinnsjøen i verda, vert rekna som ein del av Riftdalsystemet, sjølv om han eigentleg ligg mellom dei to greinene. Alle Dei store sjøane i Afrika vart danna som eit resultat av rifta, og dei fleste ligg i Riftdalen.

I Kenya er dalen djupast nord for Nairobi. Sidan innsjøane i Den austlege Riftdalen ikkje har utløp til sjøen, er desse grunnare med høgare mineralinnhald enn innsjaøne i den vestlege dalen. Årsaka til dette er at fordamping fjernar vatn frå innsjøane, men ikkje saltet, som vert liggande att. Til dømes har Magadisjøen eit høgt innhald av soda (natriumkarbonat), og Elmenteitasjøen, Baringosjøen, Bogoriasjøen og Nakurusjøen er alle svært alkaliske, medan Naivashasjøen må ha ferskvasskjelder for å oppretthalde det biologiske mangfaldet sitt.

Riftdalen nær Eldoret i Kenya

Geotermisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Forminga av Riftdalen er ein kontinuerleg prosess, som sannsynlegvis vert driven av mantelplumer og den store landhevinga av Afrika. Den assosierte geotermiske aktiviteten og spreiinga i rifta har ført til at litosfæren her berre er om lag 20 km tjukk, mot normalt 100 km andre stader. Sjølv om det er vanleg at ei av greinene i eit trippelpunkt sviktar, kan vidare spreiing føre til at litosføren kan briste millionar av år fram i tid, og dermed spalte av Aust-Afrika og danne ein ny landmasse. Ei slik hending vil altså forme ein ny midtoseanisk rygg.

Den vulkanske aktiviteten i dalen og den uvanlege konsentrasjonen av søylestraumar, har produsert dei vulkanske fjella Kilimanjaro, Mount Kenya, Karisimbi, Nyiragongo, Meru og Elgon, i tillegg til Kraterhøglandet i Tanzania. Vulkanen Ol Doinyo Lengai er framleis aktiv, og er fortida den einaste karbonatittvulkanen i verda.

Oppdagingar i den menneskelege evolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Riftdalen har mange fossil som gjer at ein kan studere den menneskelege evolusjonen, særleg i området kjend som Piedmont. Fordi det raskt eroderte høglandet har fylt dalen med sediemt, er dette eit gunstig miljø for bevaring av leivningar. Bein frå fleire hominder føregjengarar til det moderne mennesket er oppdaga her, mellom anna leivningane til «Lucy», eit nesten komplett skjelett av australopithecus, som vart oppdaga av antropologen Donald Johanson. Richard og Mary Leakey har òg gjort omfattande arbeid i området.