Tharsis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skyer heng over vulkantoppane på dette Mars Global Surveyor-biletet av Tharsis-platået. Olympus Mons kan sjåast oppe til venstre. I midten ligg dei tre Tharsis Montes-vulkanane Ascraeus Mons (topp), Pavonis Mons (midten) og Arsia Mons (botn).

Tharsis eir eit enormt vulkansk platå nær Mars sitt ekvator. Det ligg ved den vestre enden av Valles Marineris. Namnet kjem ifrå Bibelen, der Tharsis var namnet på landet som var det vestlegaste punktet i den kjende verda. [1]

Størrelsen til Tharsis har hatt mykje å seia for geologien på Mars. Tharsis er omgitt av eit ringforma topografisk søkk som blir kalla Tharsis-trauet. På motsett side av planeten ligg ein mindre bulk kalla Arabia Terra som kan ha blitt forma som eit resultat av vekta av Tharsis.

Dei store mengdene av karbondioksid og vassdamp som kan ha blitt utgassa ifrå Tharsis-magmaen kan òg ha hatt mykje å seia for Mars sine våtare epokar.

Nord for Tharsis ligg den spesielle skjoldvulkanen Alba Patera.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]