Vangsmjøse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vangsmjøse
Vangsmjøse -
Stad Vang kommune (Oppland)
Koordinatar 61°09′46″N 08°26′30″EKoordinatar: 61°09′46″N 08°26′30″E
Overflateareal 18,25 km²
Kystlengd1 43,47 km
Høgd over havet 466 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Vangsmjøse (eller Vangsmjøsa) er ein innsjø i Vang kommune i Oppland fylke.

Segn[endre | endre wikiteksten]

Det går fleire segner om Vangsmjøse. I ei av dei vert det sagt «Ser du mi lengd, so der du mi djup».

I ei anna vert det fortalt om ein som ville sjå kor djup innsjøen var og batt saman alle reip han fekk tak i frå andre i bygda. Som søkke hengte han på ei tinnkanne og eit fenalår. Når han omsider nådde botn og heiste tauet opp igjen så fann han at tinnkanna var smelta og fenalåret kokt. Da var tauet så langt at det gjekk frå dørklinka på Leine og tvers over fjorden og tre gonger rundt kyrkja. Dette er ein avstand på rundt 4500 meter.

I ei tredje utgåve vert det sagt det at når dei lodda djupna og fekk reipet opp igjen så lukta det svovel av det. Dette er kanskje den einaste av segnene som har noko for seg då rotnande planterestar medfører at vatn på stort djup vil få eit høgt innhald av svoveldioksid og hydrogensulfid.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.