Vasilijkatedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vasilijkatedralen i Moskva.

Vasilij-katedralen (russisk: Храм Василия блаженного, Khram Vasilija blazjennogo) er ei russisk kyrkje som ligg mellom Den raude plassen og Moskvaelva i Moskva i Russland. Katedralen ligg like ved Kreml og er eit av dei mest kjende landemerka i heile Russland. Det offisielle namnet på kyrkja er Maria beskyttelseskatedral ved vollgrava (russisk Покровский собор что на рву, Pokrovskij sobor tsjto na rvu). Vasilij-namnet kjem frå ein russisk helgen som levde på 1500-talet. Han vart gravlagd like ved katedralen. I 1588 vart det reist eit lite kapell over grava hans, vegg i vegg med katedralen. Etter kvart gjekk folk over til å kalle heile bygningen for Vasilij-katedralen og i dag vert det offisielle namnet berre nytta i formelle samanhengar.

Vasilij-katedralen skil seg frå dei fleste andre kyrkjebygg med dei fargerike utvendige laukkuplane. Innvendig skil ho seg òg frå dei fleste andre kyrkjebygg, og i staden for eit stort kyrkjerom består ho av ein labyrint av tronge gongar med fleire små kapell innimellom. Alt i alt inneheld ho ti kapell, kvar med sin eigen kuppel over, som ein kan sjå frå utsida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja vart bygd på ordre frå Ivan den skrekkelege som eit minnesmerke over erobringa av Kazankhanatet i 1552. Tatarene var etterkomarar etter mongolane som erobra Russland i 1240 og heldt landet okkupert i 250 år. I tillegg hadde dei i lengre tid plaga tsaren med stadige røvertokt. Det midterste av kapellene er vigd Marias beskyttelse. Dette skuldast at sjølve storminga av Kazan skjedde på Maria beskyttelsesdag (1. oktober). Sju av dei andre kapella er vigd andre helganer som hadde festdag saman med viktige krigshendingar. Det siste kapellet, det vestlegaste, vart vigd Jesu inntog i Jerusalem. Vasilij-kapellet vart som nemnd lagt til i 1588 og fekk sin egen kuppel. Ein oppdaga etter kvart at vêr og vind trengde inn i kapella og i 1761-84 laga ein derfor eit utvendig galleri tundt andre etasje der dei fleste kapella ligg.

Ei segn fortel at då Ivan den skrekkelege såg den ferdige katedralen så stakk ha ut augo på begge arkitektane, Barma og Postnik Jakovlev, slik at dei aldri igjen skulle kunne lage eit slikt fantastisk byggverk.

Soknepresten, Ioann Vostorgov, vart skoten 23. august 1919. Våren 1929 vart kyrkja så nedlagt som fungerande kirke og overført til det historiske museumet. Stalin hadde planar om å rive ho ned for å skaffe betre plass til militærparader på Den raude plassen, men vart overtalt til å la ho stå. Etter Stalin døydde i 1953 vart katedralen totalrestaurert. Dei siste åra har det vorte halde nokre gudstenester her, men ho vert framleis eigd av staten ved det historiske museumet i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vasilijkatedralen

Koordinatar: 55°45′9″N 37°37′23″E