Vassborne sjukdommar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vassborne sjukdommar er sjukdommar som kjem av patogene mikroorganismar som vert overførde direkte når ein drikk vatn med smitte i. Dessutan kan inntak av dei same bakteriane vere kjelde til matforgifting dersom ein brukar vatnet i matlaging. Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) utgjer diarésjukdommar omtrent 4,1 % av sjukdommane i verda – gjennom målet «Global burden of disease» (GBD) – og dei er årsak til 1,8 millionar dødsfall kvart år. Eit overslag viser at 88 % av dette igjen skuldast dårleg vassforsyning, hygiene og sanitære forhold, og at ein finn det mest hyppig hjå born i utviklingsland.[1] Vassborne sjukdommar kan kome av protozoar, virus eller bakteriar, og mange av dei er tarmparasittar.

Til og med før ein hadde oppdaga bakterieteorien var det vanleg praksis å sverje til øl, vin og te i staden for vatne. Om karavanane som kryssa Sentral-Asia langs silkevegen, skriv oppdagaren Owen Lattimore at: «Grunnen til at vi drakk så mykje te, var det dårlege vatnet. Reint vatn, ukokt, drikk ein aldri. Det finst ei overtru om at det fører til blemmer på føtene.»[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Burden of disease and cost-effectiveness estimates» hjå WHO, innhenta 28. april 2011.
  2. «The reason we drank so much tea was because of the bad water. Water alone, unboiled, is never drunk. There is a superstition that it causes blisters on the feet.» – Owen Lattimore: «The caravan routes of inner Asia» i The Geographical Journal 72.6 (1928, s. 500), sitert i Frances Wood: The Silk Road: two thousand years in the heart of Asia (2002, s. 19).