Øl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg varme
Eit glas tysk kveiteøl.
Fil:Anchorporterbottleandglass.JPG
Mørkt engelsk porter-øl i glas og flaske.

Øl er eit samleomgrep på alkoholhaldige drikkar brygga på korn. Øl er kjent frå oldtida og det første ølet vart truleg brygga for meir enn seks tusen år sidan. Også i Noreg har øl ein lang tradisjon, og Gulatingslova hadde reglar med strenge straffer for dei som ikkje følgde reglane for ølbrygging. I fylgje lova kunne ein bonde verte fråteken gard og grunn om han ikkje hadde brygga øl dei siste tre åra. Som regel vart då halvparten av eigendommen overført til kongen og andre halvparten til biskopen.

I eldre tid vart norsk øl laga av bygg eller havre og tilsett til dømes bark for å gi smak til brygget. Humle vart ein del av oppskrifta på 1100-talet, og i dag er det rundt 40 sorter humle som vert brukt til ølbrygging.

Norsk øl vert i dag vanlegvis brygga på humle og malt av bygg. Somme ølslag vert laga av kveite. Nokon ølsortar bruker andre eller fleire tilsettingar enn humle.

I Noreg har vi tradisjon for lokale bryggeri, sjølv om større selskap i stor grad har teke over. Det største norske bryggeriet er i dag Ringnes, som danske Carlsberg eig. Andre store bryggeri er Hansa og Aass. Mesteparten av ølet som vert seld i Noreg er pilsnerøl brygga i Noreg.

Reinheitslova[endre | endre wikiteksten]

I 135 år var norsk ølbrygging underlagt «Renhetsloven» av 12. oktober 1857. Den norske lova bygde på det tyske «Reinheitsgebot» frå 1516. Begge desse lovene seier at ein ikkje må nytte andre råstoff til framstilling av øl enn dei klassiske: Malt, humle, vatn og gjær. Den norske lova vart bekrefta i «Lov om tilvirkning, innførsel og beskatning av øl» av 1912. I 1987 vart reinheitslova oppheva i Tyskland og i 1994 i Noreg, men framleis (2005) bryggar dei fleste norske bryggeria ølet sitt berre på dei fire klassiske ingrediensane. Somme har teke i bruk billegare ingrediensar som ris, mais eller sukker som erstatning for noko av maltet.

Øltypar[endre | endre wikiteksten]

Undergjæra[endre | endre wikiteksten]

Overgjæra[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Øl