Veerse Meer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veerse Meer
Veerse Meer -
Stad Zeeland
Koordinatar 51°31′N 3°43′EKoordinatar: 51°31′N 3°43′E
Type innsjø Kunstig lagune, brakkvatn
Tilknytte land Nederland
Største lengde 22 km
Største breidde 1,5 km
Øyar 13
Busetnadar Veere

Veerse Meer er ein lagune i provinsen Zeeland i Nederland. Han vart skild frå Nordsjøen i 1961 i samband med Deltaprosjektet. Innsjøen er 22 km lang og 1,5 km på det breiaste. Han ligg mellom dei gamle øyane Noord-Beveland, Zuid-Beveland og Walcheren, og er tilslutta elva Schelde ved slusa Zandkreekdam, slik at lagunen har brakkvatn. Det er 13 små øyar i innsjøen som ikkje er busett. Ein del av breidda til innsjøen, som er under vatn ved flo sjø har vorte ein del av naturreservat, medan andre område vert nytta til vassport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Veerse Meer