Velfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Velfjord er ei bygd i Brønnøy kommune.

Velfjorden var tidlegare ein kommune i Nordland fylke, frådelt Brønnøy kommune 1. oktober 1875. Kommunen hadde ved etableringa 1 162 innbyggarar. 1. januar 1964 vart Velfjord, som da hadde 1 380 innbyggjarar, slått saman med Brønnøy, Brønnøysund og Sømna samt delar av Bindal kommunar til den nye Brønnøy kommune. 1. januar 1977 vart Brønnøy kommune delt i Sømna og Brønnøy kommunar.

Kommunen markerte seg ved stor oppslutning rundt alternative politiske strøymingar. Ved stortingsvala i 1936 og 1949 fekk Samfundspartiet 42,0 % og 40,2 % av røystene i kommunen. På 1950-talet markerte området seg med uvanleg mange militærnektarar, og mange velfjordingar vart dømde til fengsel på grunn av militærnekting. Ved stortingsvalet i 1961 nådde Sosialistisk Folkeparti 46,9 %[1].

Velfjord utgjer saman med Tosen eit sokn i Sør-Helgeland prosti.

Bygda har namn etter fjorden, som ligg nord for bygdesenteret Hommelstø.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arnold Forbergskog: «Velfjord - det politiske 'anderledeslandet'» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1