Ventifakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ventifakt av granitt danna ved abrasjon.

Ventifakt er ein vindslipt stein eller blokk. Laus stein som stikk opp i område med sanddrift, får gjerne planslipte flater som møtest med skarpe kantar. Den sida av steinen som har lege ned i sanden, har bevart den opphavlege utsjåanden.

Ventifaktar blir vanlegvis danna under ørkenforhold. I Noreg finst noko vindslitt stein i område som låg berr då vinden feia ned frå isbreane ved avslutninga av siste istida, til dømes på Jæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]