Verismo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til Cavalleria Rusticana frå kring 1880.
Frå ei framføring av Tosca i Macerata i 2008.

Verismo (dvs. «realisme», frå italiensk vero, «sanning») er ei postromantisk stilretning innan italiensk opera som oppstod i tilknyting til verismen i litteraturen, ein italiensk variant av naturalismen. Dei første verismo-operaene blei skrivne rundt 1890. Sjangeren kulminerte tidleg på 1900-talet og heldt seg til ut på 1920-åra.[1]

Tematisk tek verismo-librettoene som oftast opp samtidsproblem, ikkje sjeldan med eit romantisk eller valdeleg tilsnitt.[2] To kjende unntak med historisk tematikk er Tosca av Giacomo Puccini og Andrea Chénier‎‎ av Umberto Giordano.

Komponistar innan verismo prøvde å integrera musikken med det underliggjande dramaet til librettoen og gjekk bort frå strukturen med resitativ og klisjéfylte scener som var typiske for tidlegare tiders italienske opera. I staden er verismo-operaene gjennomkomponerte med få brot i ein saumlaust integrert sungen tekst.[3]

Kjende verismo-verk[endre | endre wikiteksten]

Berre ei handfull verismo-operaer står på standardrepertoaret i vår tid. Den mest kjende er Tosca (1900) av Giacomo Puccini.

Einaktaren Cavalleria rusticana av Pietro Mascagni, med uroppføring på Teatro Costanzi i Roma 17. mai 1890, blir rekna som den fyrste verismo-operaen. Verket står framleis på repertoaret og blir ofte oppført saman med ein annan og stilistisk svært ulik verismo, Ruggero Leoncavallo sin toaktar Pagliacci, som blei uroppført på Teatro Dal Verme i Milano den 21. mai 1892.

Andre verismoar som framleis blir oppført jamleg er La Navarraise (1894) av Jules Massenet, Andrea Chénier (1896) av Umberto Giordano og Adriana Lecouvreur (1902) av Francesco Cilea.

Andre verk som er verde å nemna er Louise (1900) av Gustave Charpentier og Tiefland (1903) av Eugen d'Albert.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sadie s. 670,
  2. Schoell, William (2006). The Opera of the Twentieth Century. Jefferson North Carolina: McFarland and Co., Inc. ISBN 978-0-7864-2465-8. 
  3. Opera Journeys' Guide: Opera at Movie Theaters - 2014 - 2015 Season. Opera Journeys Publishing. 2014. s. 33. 
  4. Sadie s. 671-672

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hans-Joachim Wagner: Fremde Welten. Die Oper des italienischen Verismo. Metzler, Stuttgart u. a. 1999, ISBN 3-476-01662-5 (Zugleich: Köln, Univ., Habil. - Schr., 1997).
  • Isolde Schmid-Reiter (red.): Stichwort: Verismo. Böhlau, Wien u. a. 2003, ISBN 3-205-77106-0 (Maske und Kothurn 49, 1/2, 2003).
  • Sabine Brettenthaler: Cavalleria Rusticana und Pagliacci: Prototypen der veristischen Oper? Eine Untersuchung ihrer Verbindungslinien zum literarischen Verismo und zur Frage der Sinnhaftigkeit des Terminus in der Musik. Peter Lang Pub Incorporated, 2003. ISBN 978-3-631-39707-7
  • Stanley Sadie (red.): Oppslagsordet «Verismo» i The New Grove Dictionary of Music & Musicians, London: Macmillan/New York: Grove, 1980, vol 19 s. 670-672, ISBN 1-56159-174-