Ruggero Leoncavallo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruggero Leoncavallo

Fødd23. april 1857
FødestadNapoli
Død9. august 1919 (62 år)
DødsstadMontecatini Terme
OpphavKongedømet Italia
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka somlibrettist, komponist, pianist, manusforfattar

Ruggero eller Ruggiero Leoncavallo (23. april 18579. august 1919) var ein italiensk komponist av operaer og operetter. Han skreiv også librettoar, både for dei fleste av sine eigne operaer og for andre komponistar, som Giacomo Puccini sin Manon Lescaut.[1]

Leoncavallo blei verdskjend for operaen Pagliacci frå 1892. Han hadde òg ein viss suksess med sin La Bohème, sjølv om operaen ikkje kunne måla seg med Puccini sin versjon om emnet. Han skreiv òg songar, der «La Mattinata» blei populær.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Leoncavallo var son av Vincenzo Leoncavallo, ein magistrat og dommar. Han blei fødd i Napoli i Dei to Sicilia den 23. april 1857.[2]

Som barn flytta Leoncavallo med faren til Montalto Uffugo i Calabria, der han budde i resten av barndommen. Han vende seinare tilbake til Napoli og blei utdanna ved San Pietro a Majella-konservatoriet og seinare ved Universitetet i Bologna, der han mellom anna studerte litteratur under den kjende diktaren Giosuè Carducci. Han blei også kjend med musikken til Richard Wagner.[2]

Ei tid verka Leoncavallo som kafépianist i Paris, London og i Egypt. Han skreiv også lette songar for Eldorado i Paris, og blei kjend med den kjende songaren Victor Maurel, som gav han ein introduksjon til musikkutgjevaren Ricordi i Milano.[2]

Leoncavallo var sterkt inspirert av franske romantikarar, særleg Alfred de Musset, og byrja skriva eit symfonisk dikt basert på dikta til Musset med tittelen La nuit de mai. Verket blei fullført i Paris i 1886 og hadde premiere i april 1887, til gode kritikkar. Suksessen gav Leoncavallo nok pengar til å venda tilbake til Milano og byrja ein karriere som operakomponist.

Operakomponist[endre | endre wikiteksten]

I Italia var Leoncavallo nokre år lærar og strevde i nokre år med å få ulike operaer oppført, som Chatterton. I 1890 såg han den store suksessen til Cavalleria rusticana av Pietro Mascagni, og skreiv raskt sitt eige verismo-verk, Pagliacci. Forteljinga i operaen skal ha bygd på ei straffesak faren til Leoncavallo hadde opplev.[2] Pagliacci blei framført i Milano i 1892 med umiddelbar suksess. Verket er det einaste til Leoncavallo som er med i standardrepertoaret i opera.[3]

Året etter blei I Medici også oppført i Milano, men verken denne eller Chatterton (urframført i 1896) fekk noko varig ry. Mykje av Chatterton blei likevel spelt inn av Gramophone Company (seinare HMV) så tidleg som i 1908, og remastra på CD nesten 100 seinare av Marston Records. Leoncavallo sjølv dirigerte eller oversåg produksjonen.[4]

Ruggero Leoncavallo gifta seg med Berthe Rambaud (1869–1926) i 1895.

Striden om La Bohème[endre | endre wikiteksten]

Våren 1892 møtte Puccini og Leoncavallo kvarandre i den vesle sveitsiske landsbyen Vacallo. Leoncavallo tilbaud Puccini ein tekst han hadde skrive etter Henri Murger sin roman Scènes de la Vie de Bohème. Puccini avslo tilbodet, kanskje fordi han var litt mistruisk til tilbodet, kanskje fordi Leoncavallo ikkje rekna teksten som særleg verdifull og ikkje sjølv hadde lyst til å komponera til han.

Året etter møtte dei kvarandre att i eit selskap, og Puccini fortalde Leoncavallo, at han var i gang med å komponera ein opera over romanen til Murger. Leoncavallo blei rasande, sidan han var sjølv i gang med å komponera ein opera over same romanen.

Puccini si utgåve blei ein stor suksess, medan Leoncavallo si knapt er blitt spelt sidan. Verket til Leoncavallo blei urframført i Venezia i 1897, og vekka merksemd, men Puccini sin opera frå 1896 overskugga han. To tenor-ariar frå Leoncavallo sin versjon blir framleis framført ein del, særleg i Italia.

Seinare verk[endre | endre wikiteksten]

Seinare operaer av Leoncavallo på 1900-talet var komedien Zazà frå 1900 og Der Roland von Berlin frå 1904. I 1906 tok komponisten med seg songarar og musikarar frå La Scala for å framføra konsertar med musikken hans i New York, og hadde ein større turne i USA.[5] Han hadde ein kort suksess med Zingari, som hadde premiere i London i 1912, der han blei spelt lenge på Hippodrome Theatre. Zingari nådde også USA, men forsvann raskt frå repertoaret.[6] Sjølv om operaene hans hadde suksess i Tyskland, var dei mindre populære i heimlandet. Etterkvart skreiv Leoncavallo hovudsakleg operetter.[2]

Etter ei rad operetter verker Leoncavallo å ha prøvd ein siste gong med ein seriøs opera med Edipo re. Det er ikkje klart kor mykje av denne operaen han skreiv sjølv. Til skilnad frå alle dei andre operaene hans blei librettoen skriven av ein annan, Giovacchino Forzano. Komponisten Giovanni Pennacchio skal ha fullført eller skrive det meste av musikken til verket på oppdrag frå fru Leoncavallo. Ruggero Leoncavallo døydde i Montecatini Terme i Toscana 9. august 1919.[1] Operaen blei fyrst framført 13. desember 1920.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Operaer[endre | endre wikiteksten]

Operetter[endre | endre wikiteksten]

  • La jeunesse de Figaro – 1906, USA
  • Malbrouck – 19. januar 1910, Teatro Nazionale, Roma.
  • La reginetta delle rose – 24 June 1912, Teatro Costanzi, Roma.
  • Are You There? – 1. november 1913, Prince of Wales Theatre, London.
  • La candidata – 6. februar 1915, Teatro Nazionale, Rome.
  • Prestami tua moglie – 2. september 1916, Casino delle Terme, Montecatini. (engelsk tittel Lend me your wife.)
  • Goffredo Mameli – 27. april 1916, Teatro Carlo Felice, Genova.
  • A chi la giarrettiera? – 16. oktober 1919, Teatro Adriano, Rome. (English title: Whose Garter Is This?) Produced after the composer's death.
  • Il primo bacio – 29. april 1923 Salone di cura, Montecatini. Produsert etter at komponisten døydde.
  • La maschera nuda – 26. juni 1925 Teatro Politeama, Naples. Produsert etter at komponisten døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ruggero Leoncavallo (1857-1919)». Mahler Foundation (på engelsk). 6. januar 2015. Henta 13. november 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Arnold, Denis; Parker, Roger (1. januar 2011). «Leoncavallo, Ruggero» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-957903-7. doi:10.1093/acref/9780199579037.001.0001/acref-9780199579037-e-3931?rskey=oxl1dw&result=2. 
  3. Stanley Sadie og Christina Bashford (red.), 1992, s. 1148.
  4. Stephen R. Clark (2004) The Leoncavallo Recordings 1907/1908: Chatterton Arkivert 15. januar 2009 ved Wayback Machine., Marston Records.
  5. James Greening-Valenzuela (2011) Ruggero Leoncavallo in New York and other American cities: 1906 and 1913.
  6. See ForumOpera for a review of a modern recording of Zingari and a musical analysis (in French).