Tosca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tosca

Plakat av Adolfo Hohenstein til uroppføringa av Tosca.
Språkitaliensk
Tilverting1898
Sjangeropera
Utgitt1900
Uroppføring14. januar 1900

Tosca er ein opera i tre akter av Giacomo Puccini, med libretto av Luigi Illica og Giuseppe Giacosa. Librettoen baserer seg på La Tosca av Victorien Sardou, eit drama i fem akter. Puccini såg dette stykket på fransk, med Sarah Bernhardt i hovudrolla i Milano i 1889. Framsyninga gjorde eit djupt inntrykk på han, sjølv om han ikkje forstod språket. Han byrja raskt å planlegga av ein opera, men kom ikkje i gang med arbeidet før i januar 1898. Dette kom mellom anna av at rettane først var blitt selde til komponisten Alberto Franchetti. Parallelt med komponeringa drog Puccini også til mellom anna Paris der han møtte Sardou, og til Roma for å sjå stadene der handlinga gjekk føre seg. Premieren på Tosca fann stad i Teatro Costanzi i Roma den 14. januar 1900.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga går føre seg i Roma i juni 1800.

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

Interiør frå Sant'Andrea della Valle

Fyrste akt finn stad i kyrkja Sant'Andrea della Valle. Den politiske fangen Angelotti har flykta frå fengselet Castel Sant'Angelo, og har søkt tilflukt i slektskapellet i kyrkja. Syster hans, markisa Attavanti, har tidlegare vore i kyrkja og bede for Angelotti, om at han skulle lauslatast. Samtidig har ho utan å vita det stått modell for kunstnaren Mario Cavaradossi sitt madonnaportrett. Samstundes med at Angelotti gøymer seg i kapellet, kjem kunstnaren til kyrkja for å halda fram arbeidet med portrettet. Han tek ein pause, og samanliknar portrettet med sin elska, operadivaa Floria Tosca, Recondita armonia (‘Å, skjulte harmoni’). Ein kyrkjetenar som har assistert han forlèt kyrkja, og deretter kjem Angelotti ut frå kapellet. Cavaradossi og Angelotti er venner frå tidlegare, og kunstnaren lovar å hjelpa flyktningen.

Tosca avbryt dei når ho kjem til kyrkja for å avtala eit møte med Cavaradossi etter framføringa si den kvelden. Ho roper «Mario! Mario! Mario!», og Angelotti rekk å gøyma seg. Ho er likevel svært sjalu, og får mistanke, ettersom ho høyrde Cavaradossi snakka med nokon då ho kom, og ho kjende igjen kvinna i madonnaportrettet. Ho mistenkjer han for å ha ei anna kvinne. Cavaradossi forsikrar henne om at dette ikkje er tilfellet, og til slutt forlèt ho kyrkja.

Flukta til Angelotti er blitt oppdaga, og det blir skote med kanonar frå Castel Sant'Angelo. Cavaradossi gøymer Angelotti i villaen sin. Medan dei forlèt kyrkja, blir ho fylt av folk som feirar sigeren over Napoleon ved Marengo. Også sjølve politisjefen, baronen Scarpia, kjem med mennene sine («Un tal baccano in chiesa!», ‘Kven bråkar her i kyrkja?’). Han oppdagar at kapellet til familien Angelotti er ope, og finn ei vifte der. Tosca kjem tilbake til kyrkja for å forklara for Cavaradossi at ho ikkje har tid til å treffa han som avtalt. I staden veks sjalusien hennar når Scarpia viser henne vifta. Ho forlèt deretter kyrkja opprørt. Scarpia gjev mennene sine ordre om å følgja etter henne («Tre sbirri, una carrozza» ‘Tre politimenn, éi vogn/Ta med deg tre sbirrer, skund deg’), Scarpia: «Va' Tosca, nel tuo cuor s'annida Scarpia» (‘Gå, Tosca, i ditt hjarte bur no Scarpia’), koret: «Adiutorium nostrum» (‘Mi hjelp står i Guds namn’), Scarpia: «A doppia mira tendo il volar» (‘Dobbel triumf kan eg kanskje oppnå’).

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

Andre akt finn stad i rommet til Scarpia i Palazzo Farnese (i røyndommen den franske ambassaden heilt sidan 1635).

Scarpia et middag åleine medan ein kan høyra musikk frå konserten der Tosca skal syngja gjennom vindauget. Medhjelparen hans Spoletta førar inn Cavaradossi, som er teken til fange. Scarpia forhøyrer fangen, men han avslører ingenting. Scarpia sender bod på Tosca, og når ho kjem, ber Cavaradossi henne om ikkje å seia noko. Cavaradossi blir sendt ut for å torturerast, men når ho høyrer skrika hans avslører ho gøymestaden til Angelotti. Cavaradossi blir slept ut frå torturkammeret.

Ein annan av mennene til Scarpia, Sciarrone, kjem for å fortelja at Napoleon sitt nederlag ved Marengo er vend til siger. Cavaradossi høyrer det og utbryt «Vittoria!» (‘Siger!’) før han blir ført til fengselet.

Tosca spør kva prisen er for at Cavaradossi skal kunna setjast fri. Scarpia svarar: ho sjølv. Ho prøver då å røra han med «Vissi d'arta, vissi d'amore» (‘Eg levde for kunst, eg levde for kjærleik’). Spoletta fortel no at Angelotti tok sitt eige liv då han blei arrestert på nytt. Tosca ser ingen annan utveg enn å gi etter. Scarpia gir ordre om at kunstnaren skal skinnavrettast, og Tosca får han til å skriva ein passersetel slik at ho deretter kan flykta med Cavaradossi. Medan Scarpia skriv passersetelen oppdagar ho ein kniv, og når Scarpia kjem for å ta sin rett stikk ho han i hel.

Tredje akt[endre | endre wikiteksten]

Castel Sant'Angelo

Tredje akt føregår på taket på fengselet Castel Sant'Angelo der Cavaradossi skal avrettast. Klokkene ringjer, og ein gjetargut syng ein song, «Lo de' sospiri». Cavaradossi blir ført til rettarstaden. Fangevaktaren informerer han om at han har ein time igjen å leva. Kunstnaren ber om å få oppfylt eit siste ønske: å få skriva eit avskjedsbrev til sin elska. Han syng så den kjende «Tårnarien» («E lucevan le stella», ‘Og stjernene skein, og jorda anga’).

Tosca kjem, og fortel at ho har myrda Scarpia, at Cavaradossi skal skinnavrettast og at ho har skaffa ein passersetel slik at dei kan flykta. Ho fortel han korleis han skal falla, og at han må liggja urørleg til soldatane har gått. Dei syng ein duett, «Senti, l'ora è vicina» (‘Vent. Tida er nær.’) Cavaradossi: «Amaro sol per te m'era il morire» (‘Eg kjende ingen redsel for døden’), Tosca: Amore che seppe a te vita serbare (Den varme kjærleiken vår gir deg livet tilbake), finaleduett: «Trionfal... di nova speme» (‘I triumf, med nytt håp’).

Når klokka slår, kjem eksekusjonspatruljen og stiller seg opp. Dei avfyrer våpna sine, og Cavaradossi fell. Tosca ventar til patruljen har gått før ho går fram til han, innser at han faktisk er død og at Scarpia har lurt henne. Mordet på Scarpia er no blitt oppdaga, og mennene hans kjem for å gripa henne. Tosca kastar seg ned frå taket med «O Scarpia, avanti a Diö!» (‘O Scarpia, Gud straffar deg!’).

Roller[endre | endre wikiteksten]

Framsida til den originale librettoen frå 1899.
  • Hovudroller
    • Floria Tosca, ei kjend songarinne – sopran
    • Mario Cavaradossi, ein kunstmålar – tenor
    • Baron Scarpia, romersk politisjef – baryton
    • Cesare Angelotti, republikansk rebell – bass
    • Ein kyrkjetenar – baryton
    • Spoletta, ein soldat – tenor
    • Sciarrone, ein av mennene til baron Scarpia – bass
    • Ein gjetargut – gutesopran
  • Andre roller
    • Ein fangevaktar – bass
    • Soldatar, politimenn, damer, byfolk, korgutar – kor

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norbert Christen: Tosca i Pipers Enzyklopädie des Musiktheaters; bind. 5, Piccinni – Spontini. Piper, München und Zürich 1994, ISBN 3-492-02415-7, s. 106–113 ff.
  • Attila Csampai, Dietmar Holland (red): Giacomo Puccini – Tosca. Texte, Materialien, Kommentare, Rowohlt, Reinbek 1987, ISBN 978-3-499-18306-5.
  • Michael Horst: Puccini Tosca; Seemann Henschel/Bärenreiter, Kassel 2012, ISBN 978-3894879136.
  • Kurt Pahlen: Tosca; Wilhelm Goldmann Verlag, München 1984, ISBN 978-3442331116.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tosca