Vidar Sandbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vidar Sandbeck (21. juli 191810. november 2005) var ein norsk visesongar, visediktar og forfattar frå Åsta i Åmot kommune.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sandbeck voks opp i tronge kår og levde eit omskifteleg liv før han etablerte seg med tekst og tonar som profesjon.

Han debuterte i 1954 med visesamlinga I døragløtten, og fekk gjennombrotet sitt som visesongar med Pengegaloppen i 1959. Etter knallsuksessen med den gjerrige gubben som «sat i kveldinga» og talde pengar, vart Sandbeck fast tilsett i Otto Nielsen sitt vekefaste radioprogram Søndagsposten. I Barnetimen for dei minste nådde han gjennom 20 år ein popularitet som kunne måle seg med Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly. Dei fleste av radioforteljingane hans er gjevne ut i bokform.

Litterært nådde han høgda i åra rundt 1980, med to seriar sorgmuntre barndomserindringar; åtte band barnebøker og seks band med romanar for vaksne.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: Vidar Synger Sandbeck
  • 1973: Fra viseskuffen
  • 1975: Kan Du Låne Bort en Femmer?
  • 1981: Påsans viser
  • 1992: Legende
  • 2003: Jordbærstrå (samlealbum)
  • 2003: En fergemanns vise (samlealbum)
  • 2003: Gull og grønne skoger (tolka av andre artistar)

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]