Singer-songwriter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bob Dylan er ein kjend songar og låtskrivar.

Singer-songwriter eller songar og låtskrivar viser til ein musikar som framfører sjølvskrivne songar. Omgrepet er ofte brukt om ein eigen musikksjanger knytt til viser, folkrock og indierock, og viser særleg til soloartistar som akkompagnerer seg sjølve på eit akustisk instrument som gitar eller piano.

Singer-songwriter-stilen var særs populær på 1960-talet med artistar som Bob Dylan og Joan Baez, og blei vidareført av Neil Young, Leonard Cohen, Randy Newman, James Taylor, Nick Drake, Joni Mitchell, Cat Stevens og mange andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med litteratur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.