Vidunderbarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Das Wunderkind ('Vidunderbarnet', 1874) av Gabriel von Hackl.

Vidunderbarn er eit omgrep brukt om barn som har særskilde evner.

Eit vidunderbarn kan vera eit barn som er ekstremt musikalsk, har veldig høg IQ eller har ein særskild høg språkleg intelligens. Ein allment godteken definisjon på eit vidunderbarn er eit barn som, i ein alder av rundt elleve år, har evner på ekspertnivå eller forstår dei grunnleggjande prinsippa i eit fagfelt som vanlegvis berre vaksne beherskar.

I Noreg har mellom anna forfattaren Johan Borgen (som skreiv noveller som fireåring), sjakktalentet Magnus Carlsen og kunstnaren Hans Gjesme blitt kalla vidunderbarn. I historia er likevel komponisten Wolfgang Amadeus Mozart det best kjente vidunderbarnet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vidunderbarn