Vilde Ingstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilde Ingstad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1994 (29 år)
Oslo
Idrett handball

Vilde Mortensen Ingstad (fødd 18. desember 1994) er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann VM-gull i 2015 og vart europameister med Noreg i 2016. Perioden 2014-18 deltok ho i 68 landskampar og skåra 47 mål.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ingstad byrja spele handball i Nordstrand IF, før ho i 2014 gjekk over til byrival Oppsal IF. I 2016 skreiv ho ein toårskontrakt med danske Esbjerg.

Den 11. oktober 2014 fekk Ingstad sin landslagsdebut mot Frankrike, men ho kom ikkje med i EM-troppen 2014. Derimot var ho med i meisterskaps-troppane både i Handball-VM 2015 i Danmark og Handball-EM 2016. I verdsmeisterskapen var ho berre med i dei innleiande kampane. Under europameisterskapen 2016 i Sverige fekk ho meir speletid, fekk likevel einast korte innbyte då Noreg triumferte over Nederland i finalen.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]