Vilhelm I av Württemberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Friedrich Karl von Württemberg
DH-Wilhelm I.jpg
Konge
Regjeringstid 30. oktober 1816-25. juni 1864
Fødd Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg 27. september 1781 i Lübein i Schlesien
Død Flagge Königreich Württemberg.svg 25. juni 1864 i Stuttgart i Württemberg
Føregjengar Fredrik I av Württemberg
Gift med i) Charlotte av Bayern
ii) Katarina Pavlovna av Russland
iii) Pauline av Württemberg

Vilhelm I av Württemberg (27. september 178125. juni  1864), fødd i Lübein, var konge av Württemberg.

Han var son av kong Fredrik I av Württemberg (1754–1816) og Augusta av Brunswick-Wolfenbüttel (1764–1788).

Han gifta seg 8. juni 1808 i München med prinsesse Charlotte av Bayern (1792–1873), dotter av kong Maximilian I av Bayern (1756–1825) og prinsesse Augusta Wilhelmine av Hesse-Darmstadt (1765–1796). Dei vart skilde i 1814.

Vilhelm I med kona Pauline og borna sine.

I 1816 gifta han seg med kusina si, prinsesse Katarina Pavlovna av Russland, i St. Petersburg. Seinare same året blei Vilhelm konge av Württemberg etter far sin. Med Katarina fekk han to døtrer; Marie og Sofie, seinare dronning av Nederland. Katarina døydde i 1819.

I 1820 gifta Vilhelm seg med ei anna kusine, Pauline av Württemberg, i Stuttgart.

Med den tredje kona si hadde han tre born:

Vilhelm I døydde på Schloss Rosenstein i Stuttgart.