Württemberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongerike Württemberg 1815-1918

Württemberg er eit landskap og ein tidlegare stat i Schwaben i Sør-Tyskland. Det var eit tysk kongerike (1806-1918), hertugdøme (1495-1805) og grevskap (1092-1495). Staten blei republikk etter fyrste verdskrig, men blei i 1933 fråtatt sjølvstyret sitt. I 1952 blei Württemberg slått saman med Baden, og utgjer nå delstaten Baden-Württemberg.

Hovudstaden til Württemberg var Stuttgart, nå hovudstad for heile Baden-Württemberg.