Villefranche-de-Rouergue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Villefranche-de-Rouergue
Vue Villefranche-de-Rouergue 271206.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Aveyron
Geografi
Flatevidd
 - By

45,85 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

11 919
  260/km²
Koordinatar 44°21′″N 02°02′″EKoordinatar: 44°21′″N 02°02′″E
Høgd over havet 290 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 12300
Heimeside: www.villefranchederouergue.fr

Villefranche-de-Rouergue er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Aveyron i regionen Midi-Pyrénées og har om lag 12 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av Albigenesarkrosstoget vart greven av Tolouse slått, noko som førte til freden i Paris i 1229. Med denne traktaten gav han grevskapet Rouergue til dottera si, som gifta seg med Alphonse de Poitiers, bror av St. Louis, konge av Frankrike. Alphonse grunnla Villefranche i 1252 på staden der ein gamal landsby kalla La Peyrade låg.

Under den andre verdskrigen var Villefranche okkupert av Nazi-Tyskland og ein Waffen SS-divisjon som hovudsakleg bestod av kroatar og muslimske kroatar. Ferid Džanić i lag med Božo Jeleneko og Nikola Vukelić, gjorde ein bataljon opprør mot nazistane 17. september 1943, men vart raskt slått ned og stort sett avretta på staden. Dei få som klarte å rømme, inspirerte den franske motstandsrørsla i Aveyron.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Villefranche-de-Rouergue