Vindrose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vindrose for LaGuardia lufthamn (LGA) i New York City. 2008

Ei vindrose er eit diagram som syner vindtilhøva på ein stad i form av søyler som syner fordelinga av vindstyrke og vindretning. Den lengste søyla på rosa syner vindretninga som opptrer oftast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før utviklinga av kompassrosa, var ei vindrose nytta på kart for å la lesaren vite kva retningar dei åtte største vindane (og stundom 16 største vindane) kom frå i høvet til kartet. Det vart ikkje skild mellom kompassretningane og vindane som blåste frå ei viss retning. Nord vart synt som ein fleur de lis, medan aust vart synt som ein kross for å indikere retninga mot Jerusalem i forhold til Europa.[1][2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Den moderne vindrosa syner kor ofte vinden bles frå ei viss retning over ein trettiårsperiode. Lengda av kvar søyle kring sirkelen er knytt til kor ofte vinden bles frå denne retninga. Kvar konsentriske sirkel representerer ein forskjellig frekvens, frå null ved midten til aukande frekvens i dei ytre sirklane. Ei vindrose kan inneheld ytterlegare informasjon, som at kvar søyle kan vere fargelagde slik at fargane syner vindstyrke. Ofte nyttar ein 16 retningar på ei vindrose, som nord (N), NNE, NE osv. men kan stundom innehalde 32 retningar.[3] In

Vindroser vert mellom anna nytta når ein skal byggje rullebanar på flyplassar, sidan luftfartøy helst skal lande og ta av i motvind.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dan Reboussin (2005). Wind Rose. University of Florida.
  2. GISNet: Origins of the Compass Rose
  3. Jan Curtis (2007). Wind Rose Data. Natural Resources Conservation Service.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vindrose