Kross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike krossar.

Kross (bokmål kors) er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel. Krossforma vert særleg nytta som matematisk symbol for addisjon og positivt forteikn og som symbolkristendomen og den kristne kyrkja.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til krossen er omdiskutert. Ein kross er eit ganske enkelt teikn, so det er ikkje overraskande at folk mange stader har teikna det. Krossen har dei fleste stadene hatt ei religiøs tilknyting og har mange stader vorte sagt å bringa hell.

Krossen har vore ein symbol som har vorte brukt i mange kulturar gjennom heile historia. Avbildingar frå steinalderen viser ei form for krossar. Det vart brukt av mange av gamletidas kulturfolk, og kanskje er Egypt mest kjent i so måte. Krossymbol av mange forskjellige typar er kjent i Midtausten, antikkens Hellas, Romarriket, Asia og Amerika.

Krossen har vorte tillagt forskjellege tydingar, for eksempel har det vorte sett på som eit symbol på årstidene eller himmelretningane, eller som fallos. I dag er det mykje brukt innan kristendomen, og vert forbunde med Jesus sin offerdød. Av den grunn vert det ogso brukt som symbol på døden.

Forskjellege krossar[endre | endre wikiteksten]

Taukross[endre | endre wikiteksten]

Taukrossen er eit T-forma symbol som har fått namn etter det greske skriftteikenet tau; det består av ein loddbein strek som på toppen har ein kortare vassbein strek. Ifølgje den kristne tradisjon skal dette vera den forma for krossar som det er mest sannsynleg at Jesus vart krossfesta på. Taukrossar finst i gamle kristne framstillingar, men vert lite brukt i dag. Taukrossen vert òg brukt som nattverdsymbol.

Taukross, egyptisk kross, T-kross og Antoniuskross er den same krossen berre med forskjellege namn. Grunnen til at krossen ogso vert kalla Antoniuskross er for di eremitten St. Antonius frå Egypt skal ha fordrive demonar ved hjelp av denne krossen.

Andreaskross[endre | endre wikiteksten]

Andreaskross

Andreaskrossen er bygt opp av to like lange diagonalar som kryssar einannan på midten, som ein 'X'. Den har namn etter apostelen Andreas, som ifølgje tradisjonen skal ha vorte krossfesta på ein slik kross. Andreaskrossen finst i det skotske flagget. I dagens norske samfunn vert Andreaskrossen brukt som eit åtvaringsteiknkjemikaliar.

Gresk kross[endre | endre wikiteksten]

Gresk kross

Ein gresk kross er samansett av to like lange strekar, ein vertikal og ein horisontal, som kryssar einannan på midten (som eit plussteikn, '+'). Det er den vanlegaste forma for krossar innan austleg kristendom. Den greske krossen finst i det greske og i det sveitsiske flagget med Raude Kross-flagget som ei avleidd form.

Latinsk kross[endre | endre wikiteksten]

Latinsk kross

Ein latinsk kross har ein vertikal del som er lengre enn den horisontale. 1/3 av vertikalen stikk ovanfor horisontalen, og denne delen er like lang som kvar av dei horisontale armane, mens den nedre delen er dobbelt so lang. Den latinske krossen er den dominerande krossform for å symbolisera kristendom, men ortodokse kyrkjesamfunn brukar denne krossen med tillegg av skråstilt del under den horisontale.

Solkross (hjulkross)[endre | endre wikiteksten]

Det norske nazistpartiet Nasjonal Samling brukte solkrossen som partimerket sitt frå 1933 til 1945. Den ørneborne solkrossen vart tatt i bruk som statssymbol og som merke for NS Kamporganisasjon (KO).

Solkrossen består av ein gresk kross (sjå ovanfor) innanfor ein sirkel. Endane på krossarmane rører ved sirkelen. Denne gamle grafiske figuren er kjent frå alle store kulturar rundt i verda. Me har den i norske helleristningar, som innvigslingskrossar på kyrkjevegger, på gravmonument, likeins som kjenneteikn i segl og bumerke. I 1933 vart solkrossen i dei «nasjonale» fargane gull på raudt (frå Noregs riksvåpen) innført som offisielt merke for Quislings parti, Nasjonal Samling. Då NS under krigen vart «statsberande parti», vart solkrossmerket kombinert med ei stilisert ørn som har utspilte venger (etter tysk førebilete) tatt i bruk som statssymbol og eit alternativ til riksvåpenet. Blant anna erstatta det riksvåpenet på tenestemerke frå hausten 1942. Ørna kan sjåast på som anten å sitta på krossfiguren eller å bera han i klørne.

Denne krossforma er lite brukt i Noreg etter 1945.

Namnet solkross vart tatt i bruk på 1800-talet, under påverknad av tysk «romantisk» historietolking. Eit meir nøytralt og treffande namn er hjulkross. Figuren minner meir om eit hjul med eiker enn ein solfigur med strålar frå eit midtpunkt og/eller i ein sirkel.

Nazistiske teoriar sette figuren i samband med hakekrossen og hans mange variantar, særleg når hakane i hakekrossen er bogne. Hakekrossar med bogne hakar kan - med litt velvillig fortolking - likna på ei sol med strålar eller eit roterande hjul danna av lyn- eller flammestrålar frå eit midtpunkt.

Andre krossar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kross