Vinkelfrekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Må ikkje forvekslast med vinkelfart
Vinkelfrekvensen er eit mål på kor raskt ein lekam roterer

Vinkelfrekvens eller angulær frekvens, ω, (òg skrive vinkelfart, radialfrekvens, sirkelfrekvens, omløpsfrekvens eller radianfrekvens) er i fysikk (særleg mekanikk og elektroteknikk) eit skalart mål på rotasjonsrate. Vinkelfrekvens er storleiken til vektorstorleiken vinkelfart. Uttrykket vinkelfrekvensvektor \vec{\omega} vert stundom nytta som eit synonym for vektorstorleiken vinkelfart.

I SI-einingar vinkelfrekvensen målt i radianar per sekund, med dimensjonane s−1.

Ein runde rundt ein sirkel er lik 2π radianar, dermed

\omega = {{2 \pi} \over T} = {2 \pi f} = \frac {|v|} {|r|}

der

ω er vinkelfrekvensen (målt i radianar per sekund)
T er perioden (målt i sekund)
f er frekvensen (målt i hertz)
v er den tangentielle snøggleiken til eit punkt på rotasjonsaksen (målt i meter per sekund),
r er radiusen til rotasjonen (målt i meter)

Vinkelfrekvens er difor ein enkel multippel av vanleg frekvens. Det er likevel ofte meir nyttig å nytte vinkelfrekvens i mange høve for å unngå at \pi dukkar opp for mange gonger i uttrykket. Faktisk vert han nytta i mange felt innan fysikk som omfattar periodiske fenomen, som kvantemekanikk og elektrodynamikk.

Til dømes:

a = - \omega^2  x \;

Ved å nytte «vanleg» frekvens, vert denne likninga:

 a = - 4  \pi^2  f^2  x\;

Eit anna uttrykk som er mykje brukt når ein held på med små svingingar eller der dempinga er neglisjerbar er:

 \omega^{2} = \frac{k}{m}

der

k er fjørkonstanten
m er massen til lekamen.

Dette vert kalla den naturlege frekvensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]