Vinterpalasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vinterpalasset (russisk: Зимний дворец), er ein bygning i St. Petersburg i Russland som var residens for russiske tsarar. Palasset er i barokkstil og måla i ein markant grønfarge. Vinterpalasset er i dag ein del av kunstmuséet Eremitasjen.

Bygningen fekk si noverande utforming mellom 1754 og 1763 då det vart bygt som vinterresidens for den russiske tsaren. Arkitekten Bartolomeo Rastrelli teikna bygget. Etter februarrevolusjonen 1917 tente det som høgkvarter for den provisoriske, russiske regjeringa. Deretter vart det storma av bolsjevikane, noko som innleia oktoberrevolusjonen.

Hovudfasaden

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første vinterpalasset, teikna 1711 for Peter den store, av Domenico Trezzini som, 16 år seinare, teikna det tredje vinterpalasset.

Dagens palass er det fjerde vinterpalasset, det opphavlege vart bygt 1711-12 på oppdrag av Peter den store og låg straks inntil dagens Vinterpalasset. Bygningen var ei lite prangande tobustadsbygning.

Allereie i 1721 vart vinterplass nummer to bygd, også det for Peter den store. Bygget vart reist etter arkitekten Georg Johann Mattarnovi sine teikningar.

År 1727 let sonesonen hans Peter II Matternovipalasset verte ombygt til det ugjenkjennelege. Heile Matternovi sitt palass vart då ein av to sidepaviljongar i det nye, enorme tredje vinterpalasset. Året etter, i 1728, flytta hoffet frå St. Petersburg til Moskva og Vinterpalasset mista sin kongelege status.

St. Petersburg vart på ny hovudstad i 1732, og tsarinaen Anna av Russland flytta då inn i grannepalasset, Apraxinpalasset, som er det noverande fjerde Vinterpalasset. Tsarina Anna let arkitekten Rastrelli totalt bygge om, og inkorporere tilliggande bygningenr, i det nye palasset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vinterpalasset

Koordinatar: 59°56′25″N 30°18′50″E