Eremitasjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°56′26″N 30°18′49″E Eremitasjen er eit statseigd museum i St. Petersburg i Russland. Det er eit av dei største og eldste musea for kunst- og kulturhistorie i verda.

Samlingane består av nær tre millionar gjenstandar, mellom anna finn ein den største samlinga av måleri i heile verda. Gjenstandane er utstilt og plassert i seks historiske bygningar langs palasskaiene, inkludert Vinterpalasset som tidlegare var tsarresidens. Ved sidan av dei opphavlege bygningane har Mensjikovpalasset, porselensmuséet, lagerhusa ved Staraja Derevnja og austfløya i generalstabsbygningen i St. Petersburg vorte del av muséet. Muséet har fleire faste utstillingssenter utanlands.

Frå venstre til høgre ser ein Eremitasjeteatret, den gamle eremitasjen, den vesle eremitasjen og så Vinterpalasset

Kunstsamlinga inneheld verk av Michelangelo, Leonardo, Rubens, Rembrandt, Monet, Rodin, Renoir, van Gogh, Gauguin, Picasso og Matisse. Dei russiske kronjuvelane er òg i samlinga, saman med Fabergés berømte juvelkunst. Eremitasjen inneheld den største samlinga i verda av gamalt gull frå Aust-Europa og Vest-Asia.

Bygningane[endre | endre wikiteksten]

Fire av bygningane; Vinterpalasset, den vesle eremitasjen, den gamle og den nye eremitasjen, er delvis opne for publikum. Dei siste to er eremitasjeteateret og reservehuset.

Rafael-loggiaen

Opphavleg var samlinga plassert i ein bygning, den vesle eremitasjen. Åra 1787-92 teikna arkitekten Quarenghi ei fløy som då vart bygd langs vinterkanalen. Denne fløya var ei etterlikning av loggiaen i Vatikanpalasset i Roma, som var teikna av Donato Bramante og dekorert med freskar av Rafael.

Nikolaj I gav den nyklassisistiske, tyske arkitekten Leo von Klenze i oppdrag å teikne ein bygning til den offentlege delen av muséet. Sjølve bygginga pågjekk 1842-51 under leiing av Vasilij Stasov og Nikolaj Jefimov, og tok opp i seg Quarenghi si fløy med dei rafaelske loggiaene.

Samlingane[endre | endre wikiteksten]

Den vesteuropeiske kunstsamlinga består av måleri, skulpturar, og brukskunst frå det 1200- til 1900-talet. Verka er utstilt i omkring 120 rom i fyrste og andre etasje i dei fire bygningane. Teikningar og trykk vert framvist i skiftande utstillingar.

Italiensk renessanse[endre | endre wikiteksten]

Mellom kunstnarane frå renessansen i Italia som er representert finn ein Giorgione, Tizian, Paolo Veronese, og verk som Benois Madonna og Madonna Litta som begge har vore knytt til Leonardo da Vinci eller lærlingar av han. Andre verk frå renessansen er måleri, skulpturar, majolica og gobelin frå Italia på 1400- og 1500-talet, mellom dei Conestabile Madonna og Madonna med den skjegglause St. Josef av Rafael.

Italiensk og spansk målarkunst[endre | endre wikiteksten]

Mellom bilete frå 1500- til 1700-talet målte i Italia og Spania på lerret, finst arbeid av mellom andre Paolo Veronese, Tintoretto, Diego Velázquez, Bartolomé Murillo og El Greco. Michelangelo er representert med Smiskande gut.

Rubensrommet

Nederlandsk gullalder og flamsk barokk[endre | endre wikiteksten]

Måleria frå Nederlanda og den flamske barokken på 1600-talet består av store samlingar med Anthonis van Dyck, Rubens og Rembrandt.

Tysk og fransk kunst[endre | endre wikiteksten]

Ei samling med tysk kunst er frå 1500-talet. Fransk kunst frå 1400- til 1700-talet er representert med mellom anna måleri av Nicolas Poussin, Claude Lorrain og Antoine Watteau. Her er òg ei samling med fransk dekorasjonskunst og brukskunst frå 16- og 1700-talet. Britisk brukskunst og målarkunst frå tidsrommet 1500-1900, er representerte med verk av Thomas Gainsborough og Joshua Reynolds. Tysk romantisk kunst frå 1800-talet er representert med fleire arbeid av Caspar David Friedrich og andre.

Vincent van Gogh: Det kvite huset ved natt, 1890

Nyklassisistisk, impresjonistisk, og postimpresjonistisk kunst[endre | endre wikiteksten]

Samlinga av fransk nyklassisistisk, impresjonistisk og postimpresjonistisk kunst består mellom anna av verk av Auguste Renoir, Claude Monet, Vincent van Gogh og Paul Gauguin. Andre kunstnarar frå om lag same tidsperioden er Matisse, André Derain og andre fauvistar, Picasso, Vasilij Kandinskij, Giacomo Manzù og Rockwell Kent.

Russisk kunst[endre | endre wikiteksten]

Samlinga av russiske kunstverk består av utstillingar av kunst frå 1000-talet til 1800-talet.

Den egyptiske hallen

Antikke verk og gjenstandar[endre | endre wikiteksten]

Samlinga med orientalsk kunst inneheld gjenstandar frå Kina, India, Mongolia, Tibet, Sentral-Asia, Bysants og den nære austen.

Ei samling av egyptiske antikvitetar har gjenstandar frå det tidlege Egypt til det 12. hundreåret før Kristus. Ei mindre samling gjenstandar er etter kulturane i det antikke Mesopotamia, der i mellom fleire assyriske relieff frå Babylon, Dur-Sharrukin og Nimrud.

Golvet på det som vert kalla Athena-rommet er dekorert med autentisk mosaikk frå det fjerde hundreåret, utgrave i 1854 frå ein kristen basilika i Chersonesos.

Samlinga med gjenstandar frå antikken inneheld gresk handverk frå det tredje tusenåret til det femte hundreåret før Kristi fødsel. Mellom anna er her gresk keramikk og gjenstandar frå dei greske koloniane ved Svartehavet, hellenistisk skulptur- og smykkekunst, medrekna graverte edelsteinar og kaméar som den kjende Gonzaga Cameo, italisk kunst frå det 9. til det 2. hundreåret før Kristus, romerske marmor- og bronseskulpturar og brukskunst frå det 1. til det 4. hundreåret før vår tidsrekning. Eit klimaks i samlinga er Tauride Venus, som i fylgje nyare forsking er ein original hellenistisk, gresk skulptur og ikkje ein romersk kopi, slik ein har trudd.[1]

Førhistorisk kunst[endre | endre wikiteksten]

Samlingar av førhistoriske kulturgjenstandar frå Kaukasus, gjenstandane er frå steinalderen til jarnalderen.Dei er utgravne over heile Russland og andre delar av den tidlegare Sovjetunionen og det russiske imperiet. Mellom dei er ei berømt samling av kunst etter nomadestammar i Altai frå Pazyryk og Bashadar, inkludert det eldste knytte loteppet i verda som er bevart. Loteppet og ei stridsvogn i tre er begge mellom 4000 og 6000 år gamle. I den kaukasiske utstillinga finst ei samling Urartu-gjenstandar frå Armenia og det austlege Tyrkia.

Smykkekunst og dekorativ kunst[endre | endre wikiteksten]

Klassiske antikvitetar, her under vestleg smykkekunst frå det fjerde hundreåret før Kristi fødsel til tidleg 1900-tal. Det andre galleriet med edle skattar består av smykkekunst frå dei pontiske steppene, Kaukasus og Asia, særleg av skytisk og sarmatiansk gull.

Ei utstilling viser vesteuropeiske dekorativ og brukskunst frå det 1100- til 1400-talet og målarkunst frå Nederlanda frå 14-1500-talet. Her er ei samling mosaikkar og eit forgylt gaukur laga av James Cox.

Ei samling av vest-europeiske våpen og rustningar er frå det 14- til 1600-talet.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Samlinga i Eremitasjen tok til i 1764, då Katarina den store kjøpte meir enn 250 måleri i Europa. Russiske ambassadørar i utlandet fekk i oppdrag å kjøpe inn dei beste samlingane som vart lagd ut for sal, og Katarina si samling voks seg stor etter kvart. Ho kalla kunstgalleriet for «min eremitasje», og svært få menneske slapp inn for å sjå gjenstandane.

Katarina den store byrja samle kunst då ho i 1764 kjøpte måleri av ein kjøpmann i Berlin, Johann Ernst Gotzkowsky. Han hadde kjøpt opp måleri til ei kunstsamling til Fredrik II av Preussen, men denne avslo å kjøpe ho. Gotzkowsky forsynte i staden den russiske krona med 225 eller 317 måleri, i hovudsak flamske og nederlandske, der i mellom 90 til. Samlinga bestod av 13 måleri av Rembrandt, 11 måleri av Rubens, sju av Jacob Jordaens, fem av Anthonis van Dyck, fem av Paolo Veronese, tre av Frans Hals, mellom dei Portrett av ein ung mann med ein hanske, to måleri av Rafael, to av Hans Holbein, samt eitt måleri kvar av Tizian, Jan Steen (Dagdrivarane), Hendrick Goltzius, Dirck van Baburen, Hendrick van Balen og Gerrit van Honthorst.

I 1764 gav Katarina Jurij Velten i oppdrag å forlengje Vinterpalasset mot aust, arbeidet var fullført i 1766. Ho kalla bygningen min eremitasje, i samsvar med tradisjonen etter Peter den store og tsarina Elisabet, som kalla sine mest private rom så, inspirert av franskekongen Ludvig XIV sitt Château de Marly. Åra 1767–69 stod den franske arkitekten Jean-Baptiste Vallin de la Mothe for eit påbygg på den motsette enden av palasset, langs breiddene av Neva. Bygningen i nyklassisistisk stil er i dag kjend som den vesle eremitasjen.

Katarina kjøpte dei beste samlingane som var til sals etter rike samlarar. Heinrich von Brühl si samling, som bestod av over 600 måleri og ei mengd med trykk og teikningar vart kjøpt i Sachsen i 1769. Pierre Crozat si samling med måleri vart kjøpt i Frankrike i 1772 ved hjelp av Denis Diderot. Samlinga med 198 måleri som hadde høyrt til Robert Walpole vart innkjøpt i London i 1779. År 1781 kjøpte ein i Paris ei samling på 119 måleri av grev Baudouin.

I Katarinas levetid kjøpte ein 4 000 måleri etter gamle meistrar, 38 000 bøker, 10 000 graverte edelsteinar, 10 000 teikningar, 16 000 myntar og medaljar pluss ei naturhistorisk samling. Bygget i nyklassisme stod ferdig i 1787 og er i dag kjend som den gamle Eremitasjen. Katarina gav også privatteatret sitt for eremitasjen. Dette vart reist nær ved mellom 1783 og 1787 teikna av den italienske arkitekten Giacomo Quarenghi. I London i 1787 kjøpte Katarina ei samling skulpturar som for det meste var i marmor og frå den romerske antikken.

Karl Beggrov: Utsyn mot palasskaiene, 1826

Aleksander I kjøpte 38 måleri frå arvingane etter Joséphine de Beauharnais. Ein stor del av desse måleria hadde franskmennene røva i Kassel under napoleonskrigane.

No og då vart dei keisarlege samlingane utvida med greske og skytiske kulturgjenstandar utgravne innanfor det russiske imperiet.

I 1850 i Venezia kjøpte muséet Cristoforo Barbarigo-samlinga, her under fem oljemåleri av Tizian.

Den nye eremitasjen vart opna i 1852. Same året skaffa ein den egyptiske samlinga.

Med åra vart samlinga utvida til å omfatte mellom anna arkeologiske utstillingar. Det vart for lite plass til dei enorme samlingane, så Nikolaj I hyra då ein tysk arkitekt. I 1852 vart Den nye eremitasjen opna, og for fyrste gong fekk publikum tilgjenge.

Eremitasjen kjøpte i 1861 størstedelen av Giampietro Campana-samlinga av pavestolen. Mesteparten av samlinga bestod av klassiske antikvitetar, over 500 vasar, 200 bronsestatuar og ein del marmorstatuar. I 1884 i Paris kjøpte Aleksander III av Russland samlinga til Alexander Basilewski. Ho bestod av kunsthandverk frå europeisk mellomalder og renessansen.

I 1885 vart våpen og rustningsamlinga grunnlagd av tsar Aleksander I av Russland, flytta frå Katarinapalsset i Tsarskoje Selo til Eremitasjen.

Under revolusjonen vart Eremitasjen erklært offentleg eigedom, og samlingane vart ytterlegare utvida når private samlingar vart nasjonaliserte. Nyare kunst vart også kjøpt inn, derimellom bilete av Gauguin og Picasso. Ringare vart det under Josef Stalin. Grunna høge utgifter til vedlikehald vart det vedteke å selje delar av samlinga til utlandet. Etter 1945 mottok Eremitasjen ein del kunst som den raude arméen hadde røva under andre verdskrigen.

Straks etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart den keisarlege Eremitasjen og Vinterpalasset omgjort til statlege museum og etter kvar slått saman.

Breidda i Eremitasjen sine samlingar vart endå større då private kunstsamlingar frå fleire palass som hadde høyrt til russiske tsarar, samt mange private herskapshus vart nasjonalisert og så fordelt mellom større statsmuseum. Særleg merkande var tilførsla av gamle meistrar frå Katarinapalasset, Aleksanderpalasset, Stroganovpalasset og Jusupovpalasset, og endå attåt frå andre palass i St. Petersburg og nærområda.

I 1922 vart ei samling av 1800-tals europeiske måleri tilført Eremitasjen frå St. Petersburgs kunstakademi. Vidare vart i 1927 om lag 500 måleri overført til Pusjkinmuséet i Moskva, etter påtrykk frå sovjetstyresmaktene. 70 fleire måleri vart sende dit tidleg i 1930-åra.

Etter påtrykk frå styresmaktene vart det i åra 1930-34 seld over to tusen, kostbare kunstverk frå Eremitasje-samlinga på auksjonar utanlands, eller ved direktesal til utanlandske kjøparar.

Under Tysklands invasjon i Sovjetunionen i 1941, evakuerte muséet ein større del av samlingane med to tog til Sverdlovsk. To bomber og mange eksplosjonar skada museumsbygningane under kringsetjinga av Leningrad. Muséet heldt ei utstilling i november 1944, men opna regulert fyrst i november 1945. Då hadde dei evakuerte samlingane vorte tilbakeførte månaden i førevegen.

Eit rom i Vinterpalasset

I 1948 vart 316 verk overført til Eremitasjen. Dette bestod av impresjonistiske og postimpresjonistiske verk, samt annan modernistisk kunst, og stamma i stor grad frå dei tidlegare nasjonaliserte samlingane til Sergej Tsjusjkin og Ivan Morozov. Verk av Henri Matisse og Pablo Picasso fanst mellom dei. Frå 1967 av donerte elles Lidija Delektorskaja fleire verk av Matisse til muséet.

Det restaurerte Mensjikovpalasset vart i 1981 ei ny avdeling av Eremitasjemuséet, her er utstilt russiske kulturgjenstandar frå tidleg 1700-tal. I 1993 vart austfløya av generalstabsbygningen gjeven til Eremitasjen. Nye utstillingslokale vart opna der i 1999. I 2003 vart porselensmuséet opna som del av Eremitasjen på grunnlag av imperiet sin porselensfabrikk.

Den dag i dag har Eremitasjen den største Rembrandtsamlinga i verda, og muséet er i stødig vekst.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eremitasjen

Notar[endre | endre wikiteksten]