Virga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nimbostratus virga

Virga eller fallstriper er nedbør som fell frå ei sky, men fordampar før den når bakken. Dette kan ein sjå som fallstriper under skya. Lufttrykket aukar jo nærmare bakken ein kjem, og dette fører igjen til at luft er varmare nær bakken enn i høgda. I store høgder består nedbøren hovudsakleg av iskrystallar som smeltar og så fordampar. Virga er svært vanleg i ørkenområde.

Virga kan føre til fleire spesielle vêrfenomen. Når regn fordampar fjernar dette mykje varme frå lufta, og denne avkjølinga fører til at lufta søkk ned mot bakken. Desse fallvindane kan føre til mikroutbrot, som er svært farlege for flytrafikk.

Virga kan òg vere med på å danne skyer, der kondensasjonskjerner frå ei sky bles inn i overmetta luft ved sida av skya. Dette fører til at den overmetta lufta lettare kan kondensere og skape nye skyer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Virga