Vitskap i 1844
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vitskap i 1844 |
| vitskapsår |
| 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 |
| Humaniora og kultur Arkeologi | Arkitektur | Kunst | Litteratur | Lyrikk | Musikk | Teater |
| Samfunnsvitskap og samfunn Aviser | Konfliktar | Krigar | Politikk | Sport | |
| Teknologi og vitskap Polarhistorie | Meteorologi | vitskap |
| Andre årsmaler |
| Land Danmark | Frankrike | Sverige | USA |
Vitskapsåret 1844 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1844.
Innhaldsliste |
Hendingar [endre]
- 11. mai - Samuel Morse sende den første meldinga med morsealfabetet.
- Friedrich Wilhelm Bessel forklarte rørslene hos Sirius og Procyon med at dei rører seg rundt eit mørkt sentrum.
- Gabriel Gustav Valentin oppdaga at magesaften løyser opp mat.
- Karl Klaus oppdaga grunnstoffet ruthenium.
- Joseph Liouville fann det første transcendente talet.
- Hermann Grassmann studerte vektorar med meir enn tre dimensjonar.
- William Robert Grove publiserte The Correlation of Physical Forces, den første djupare studien av energiprinsippet.
- William Fox Talbot publiserte den første fotografiske boka, The Pencil of Nature.
Prisvinnarar [endre]
- Copleymedaljen: Carlo Matteucci, italiensk fysikar og nevrofysiolog.
- Wollastonmedaljen: William Conybeare, britisk geolog
Fødde [endre]
- 25. mars - Adolf Engler, tysk botanikar (død 1930).
- 20. april - Ludwig Boltzmann, austerriksk fysikar (død 1906)
- 6. august - James Henry Greathead, britisk ingeniør (død 1896).
- 13. august - Friedrich Miescher, sveitsisk biolog (død 1895).
- 22. august - George W. DeLong, amerikansk militær og polarforskar (død 1881).
- 11. september - Henry Alleyne Nicholson, britisk paleontolog og zoolog (død 1899).
- 3. oktober - Sir Patrick Manson, skotsk parasittolog (død 1922).
- 25. november - Karl Benz, tysk ingeniør og bilprodusent (død 1929).
Døde [endre]
- 19. juni - Étienne Geoffroy Saint-Hilaire, fransk biolog (fødd 1772).
- 27. juli - John Dalton, britisk kjemikar og fysikar (fødd 1766).
- 30. august - Francis Baily, engelsk astronom (fødd 1774).
- 28. desember - Thomas Henderson, skotsk astronom (fødd 1798).