Vivara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vivara er ei lita øy utanfor Procida, ein av dei tre hovudøyane i Napolibukta i lag med Ischia og Capri. Vivara ligg sørvest for Procida og dei er forbunde med kvarandre via ei bru. Vivara har ei halvmåneform og er restane etter kanten på eit gamalt vulkankrater. Øya er i dag eit naturreservat. Det er nyleg funne arkeologiske spor etter mykensk keramikk etter grekarar som var her mange hundre år før dei «opphavlege» greske kolonistane i bukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]