Capri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Capri
Hamna på Capri
Hamna på Capri
Geografi
Capri and Ischia map.png
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 40°33′N 14°14′EKoordinatar: 40°33′N 14°14′E
Øygruppe Campanoøyane
Areal 10,4 km²
Høgaste punkt Monte Solaro (589 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Campania
Napoli
Største busetnad Capri (7 728 innb.)
Demografi
Folketal 12 200 (2002)
Folketettleik 1 170 /km²

Capri er ei øy utanfor Sorrentinahalvøya i Italia på sørsida av Napolibukta. Øya har vore kjend for den svært vakre naturen sidan Den romerske republikken.

På øya finn ein Marina Piccola («Den vetle hamna»), Belvedere av Tragara, som er ein høgtliggande spaserveg langs villaene, kalksteinsmassane som står ut i havet (Faraglioni), Anacapri, Den blå grotta (Grotta Azzurra) og ruinane av dei keisarlege romerske villaene.

Capri ligg i regionen Campania i Provinsen Napoli. Byen Capri er senteret på øya. Ho har to hamner, Marina Piccola og Marina Grande. Ein eigen kommune, Anacapri, ligg høgt i åsane mot vest.

Namnet til øya kan sporast tilbake til grekarane, dei første kolonistane som busette øya. Dermed kjem namnet truleg ikkje frå det latinske Capreae, som tyder geiter, men frå det greske Kapros som tyder «villsvin»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken og romartida[endre | endre wikiteksten]

I følgje den greske geografen Strabo var Capri ein gong ein del av fastlandet. Dette har ein nyleg stadfesta ved hjelp av geologisk kartlegging og arkeologiske funn.

Byen har vore busett i lange tider. Ein har funne spor etter busetnad frå romartida, som fundamentet til villaen til Augustus, gigantiske bein og våpen av stein. Keisaren gav ordre om at desse skulle plasserast i hagen hans til hovudresidensen hans, Havpalasset. Seinare utgravingar har vist at det har vore menneske her sidan yngre steinalder og bronsealderen.

I «Aeniden» skriv Vergil at øya vart busett av grekarar frå Teleboi, som kom frå Dei joniske øyane. Strabo skriv at «i eldre tider var det to byar på Capri, seinare redusert til ein»(Geographica, 5, 4, 9, 38). Tacitus skreiv at det var tolv keisarvillaer på Capri (eller Capreae som er det latinske namnet). Fram til 1800-talet kunne ein framleis sjå ruinane av ein ved Tragara.

Etterfølgjaren til Augustus, Tiberius, bygde fleire villaer på Capri. Den mest kjende av desse er Villa Jovis, ein av dei best bevarte romerske villaene i Italia. I år 27 e.Kr. flytta Tiberius permanent til Capri, og styrte Romarriket frå øya fram til han døydde i år 37. I følgje Suetonius utførte Tiberius, i lag med grandnevøen og arvingen Caligula, mange brutale og seksuelt perverse handlingar mot slavane sine.

Utsyn over Capri.

I 182 forviste Commodus syster si Lucilla til Capri. Ho vart avretta kort tid etter.

Mellomalderen og moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Etter slutten på Vestromarriket vart Capri styrt av Napoli og vart råka av fleire åtak frå sjørøvarar. I 866 gav keisar Ludvig II øya til Amalfi. I 987 vart den første biskopen på Capri konsekrert av pave Johannes XV.

I 1496 oppretta Fredrik IV av Napoli lovleg og administrativ likskap mellom dei to busetnadane Capri og Anacapri. Sjørøveriet nådde ein topp under regjeringstida til Karl V. Dei kjende tyrkiske admiralane Khair ed-Din (kjend som Barbarossa) og Turgut Reis plyndra øya i høvesvis 1535 og 1553.

Den første kjende personen som vitja øya var den franske antikkforhandlaren Jean Jacques Bouchard på 1600-talet, som vert rekna som den første turisten på Capri. Dagboka hans, som vart funne i 1850, er ei viktig kjelde til korleis Capri var på denne tida.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

I januar 1806 okkuperte franske troppar øya. Britane kasta dei franske troppane bort frå øya i mai same år og øya vart omgjort til ein mektig marinebase. Utbyggjinga øydela derimot fleire arkeologiske stader. Joachim Murat gjenerobra Capri i 1808 og franskmennene vart verande der fram til slutten av napoleonstida (1815), då Capri kom tilbake til Huset Bourbon frå Napoli.

Capri hamn, sett frå Anacapri

På siste halvdel av 1800-talet vart Capri ein populær feriestad for europeiske kunstnarar, forfattarar og andre kjendisar. John Singer Sargent og Frank Hyde er av framståande kunstnarar som opphaldt seg på øya seint på 1870-åra. Sargent er mest kjend for ei rekkje portrett av den vakre lokale modellen Rosina Ferrara.

Norman Douglas, Friedrich Alfred Krupp, Jacques d'Adelswärd-Fersen, Christian Wilhelm Allers, Emil von Behring, Curzio Malaparte, Axel Munthe og Maxim Gorkij skal alle ha eigd bustadar eller ha opphaldt seg på øya i meir enn tre månader. Den svenske dronninga Viktoria var ofte her. Gracie Fields hadde ein villa på øya og song to songar, «The Isle of Capri» og «Come Back to Sorrento» om Capri. Mariah Carey eig ein villa på øya.

Boka som førte til den store fascinasjonen for Capri på 1800-talet i Frankrike, Tyskland og England var Entdeckung der Blauen Grotte auf der Insel Capri av den tyske målaren og forfattaren August Kopisch, der han skildrar eit besøk til Capri i 1826 og oppdaginga av Den blå grotta. Capri er òg scene for handlinga i «The Lotus Eater», ei novelle av Somerset Maugham. I denne historia reiser hovudpersonen frå Boston til Capri på ferie og vert så forelska i Capri at han sluttar i jobben og avgjer å leve resten av livet på Capri. Claude Debussy referer til åsane på øya i tittelen på hans prélude Les collines d'Anacapri (1910).

Capri har òg vore ein relativt trygg stad for homofile og lesbiske som ønskte å leve eit meir ope liv. På 1800-talet var diktaren August Graf von Platen av dei første. Jacques d'Adelswärd-Fersen skreiv nøkkelromanen Et le feu s’èteignit sur le mer (1910) om Capri og innbyggjarane og skapte ein mindre skandale.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser viktige attraksjonar på Capri.
Utsyn over øya frå Anacapri.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Typisk taxi på Capri.

Capri er eit turistmål for både italienarar og utlendingar. I 1950-åra vart Capri ein populær destinasjon for internasjonale jet set. Den sentrale piazzettaen på Capri, som har halde på den opphavlege landsbyarkitekturen sin, har rekkjer av luksusbutikkar, dyre restaurantar og paparazzifotografar som jagar kjendisar.

Om sommaren kjem det svært mange turistar til øya, ofte på dagsturar frå Napoli og Sorrento.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Capri har ferje- og hydrofoilsamband til Napoli og Sorrento, i tillegg til mange andre båtsamband til hamner i Napolibukta og på Sorrentinahalvøya. Båtane legg til i Marina Grande, og frå her kan ein ta kabelbane opp til landsbyen Capri.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Capri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]