Vladimir Zjirinovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhirinovsky Vladimir.jpg

Vladimir Volfovitsj Zjirinovskij, russisk Владимир Вольфович Жириновский, (fødd 25. april 1946 i Almaty i Kasakhstan) er ein kontroversiell høgreorientert russisk politikar. Han er leiar av det høgrepopulistiske «liberaldemokratiske» partiet.

Zjirinovskij var fødd inn i ein russisk-jødisk familie i Kasakhstan. Han studerte språk og jus ved Universitetet i Moskva, og det går rykte om at han jobba for KGB, sjølv om han har avvist desse rykta. I 1989 grunnla han Russlands liberaldemokratiske parti, som han sidan har leidd. Han har sete i den russiske Dumaen sidan 1993 og stilte til presidentvala i 1991, 1996 og 2000, og fekk høvesvis 8%, 6% og 2,7%. Han er igjen kandidat ved presidentvalet i 2008.