Vladislav II Jagello av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vladislav II Jagello
Wladyslaw Jagiello.jpg
Storhertug av Litauen og konge av Polen
Regjeringstid 1386-1434
Fødd ca 1351 i Vilnius
Død 1434 i Gródek Jagielloński (no Horodok i Ukraina)
Føregjengar Jadwiga
Gift med Jadwiga, Anna av Celje, Elisabeth av Pilica, Sofia av Halshany
Born Med Jadwiga av Polen: Elżbieta Bonifacja
Med Anna av Celje: Jadwiga av Litauen

Vladislav II Jagello[1](ca. 1351-1434) var storhertug av Litauen og konge av Polen. Han var den siste heidenske herskaren av mellomalderske Litauen, og konverterte til kristendommen før han blei polsk konge.

Jagello, seinare Vladislav, var son av storhertug Algirdas av Litauen og Uliana Aleksandrovna av Tver.

Han regjerte i Litauen fra 1377, først saman med onkelen Kęstutis. I 1386 konverterte han til kristendommen, gifta seg med den polske dronninga Jadwiga på elleve år, og blei krona til polsk konge under namnet Władysław Jagiełło (Vladislav Jagello). Han styrte Polen i 48 år og la grunnlaget for den polsk-litauiske unionen, som skulle vara i fleire hundreår.

Som konge av Polen gjekk Vladislav inn for ein nær allianse med Litauen mot Den tyske ordenen. Sigeren til desse allierte i slaget ved Tannenberg i 1410, og deretter den første freden i Toruń, sikra dei polske og litauiske grensene og markerte den polsk-litauiske alliansen som ei større europeisk makt. Styret til Vladislav II Jagello utvida dei polske grensene og er blitt sett på som byrjinga på den polske gullalderen. Han var også stamfar for Huset Jagello som regjerte i begge statane fram til 1572, og blei eitt av dei mest innflytelsesrike dynastia i Europa under mellomalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. polsk Władysław II Jagiełło, litauisk Jogaila, kviterussisk Ягайла/Jahajła. Det eigentlege namnet hans var Jogaila (Jagiełło/Jahajła) og døypenamnet var Wladislaus (polsk Władysław, men også Vladislaus, Ladislaus, Ladislas og Vladislav er registrert).