Gullalder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den gylne tidsalder eller Gullalderen av Lucas Cranach den eldre frå 1530, no i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Gullalder var i antikken ein idé om ein tapt urtilstand som var karakterisert av lukke og harmoni. Sidan er omgrepet blitt nytta i historieskrivinga om ulike nasjonale og kulturelle stordomstider, som «den nederlandske gullalderen» eller «gullalderen i Hollywood».

Antikke idear[endre | endre wikiteksten]

I Hellas i antikken var historia til menneskja delt i fire tidsaldrar, der gullalderen var den fyrste og beste. Etter gullalderen følgde sølvalderen, bronsealderen og til slutt jernalderen, som tilsvarte samtida. Konseptet opptrer for fyrste gong hjå Hesiod frå rundt 700 f.Kr., der han deler inn verda i dei fire aldrane pluss ein heroisk alder mellom bronsealderen og jernalderen. Firdelinga av tiden slik ho er best kjend i dag stammer frå Ovid.[1]

I Arbeid og dager skildrar Hesiod gullalderen som ei tid av fred og harmoni. Tidsguden Kronos herska i verda. Det «gylne folket» blei forma frå jord av Promethevs, levde blant gudane og hadde fri omgang med dei. Menneska trengte ikkje arbeida eller dyrka jorda for å brødfø seg sjølv, og levde av det som voks på bakken og i trea. Dei blei svært gamle, og heldt på eit ungdommeleg ytre til dei døydde, noko som skjedde fredeleg i søvne utan smerter.

Ifølgje Plutark endte gullalderen då skogguden Pan døydde. I seinare kristne tradisjonar skal døden til Pan, og dermed også slutten på gullalderen, falla saman med Jesu fødsel eller krossfestinga hans.[2]

Norrøn gullalder[endre | endre wikiteksten]

Gullaldr blir brukt i Gylfaginning om tida etter at verda blei skapt, før tre kvinner kom ut av Jotunheim som er blitt tolka som nornene.[3][4][5]

Den danske gullalderen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den danske gullalderen.

I dansk samanheng blei omgrepet fyrst brukt innan litteraturen som samnemning for perioden frå Adam Gottlob Oehlenschläger til Georg Brandes blei fødd, ca. 1800 til 1850.

Etter andre verdskrigen har gullalderen meir blitt knytt til den kulturelle blomstringstida frå statsbankerotten og freden i Kiel i 1813-1814 til eineveldet opphøyrde i 1848. Særleg innan biletkunst slo omgrepet gjennom, og er i dag synonymt med kunstnarane som blei utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi på 1820-, 1830- og 1840-talet under særleg C.W. Eckersberg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hesiod: Arbeid og dager, Theogonien, engelsk utgåve ved Stanley Lombardo, innleiing ved Robert Lamberton, Hackett Publishing Company, Indianapolis/Cambridge, 1993, s. 2-7.
  2. Milton, John (1629): On the Morning of Christ's Nativity, XIX, XX
  3. «Gylfaginning – heimskringla.no». heimskringla.no. Henta 3. juli 2022. 
  4. Brodeur, Arthur Gilchrist (2018). The Prose Edda of Snorri Sturlson. Franklin Classics Trade Press. ISBN 0344335003. 
  5. Bellows, Henry Adam. «The Poetic Edda: Voluspo». www.sacred-texts.com. Henta 3. juli 2022.