Volve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei volve var i norrøn tru ei kvinne som kunne spå om framtida og utøve seid (trolldom). Ei mektig volve er forteljaren i eddadiktet Voluspå.

Som oftast var volva ei eldre kvinne som stod utanfor ættesamfunnet. Ho reiste rundt, ofte saman med ein flokk yngre folk, og kunne kallast på i krisesituasjonar. Ei dyktig volve var frykta og respektert, og tok seg godt betalt for tenestene sine.