Voluspå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volva på eit færøysk frimerke av Anker Eli Petersen.

Voluspå (norr. Vǫluspá, 'Volvas spådom') er eit eddadikt som handlar om fortida og framtida, byrjinga og slutten, i den norrøne gudelæra. NFS Grundtvig, ein av dei første som arbeidde vitskapleg med eddadikting, karakteriserte det i 1807 som ein kosmogoni, det vil seia eit kosmologisk dikt.

Voluspå er både ei forteljing om korleis verda blei til og ein domedagsprofeti. Opphavet til Voluspå er ukjent, men ein reknar med at det anten er dikta i Noreg eller på Island seint på 900-talet. Somme forskarar meiner det kan vera noko yngre. Det er prega av brytinga mellom heiden og kristen tid.

Ein finn Voluspå i to større handskrifter; den eldre Edda og Hauksbók. Diktet er ganske ulikt i dei to handskriftene, rekkefølgja på strofene er ulike, og nokre av dei finst berre i eitt av dei to handskrifta. Mange av strofene står og i Snorra-Edda. Gjendikting ved Knut Ødegård i "Edda I", 2013.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Voluspå tek til med at Odin går til ei volve for å få henne til å spå om framtida. Før ho tek fatt på spådommen, vender ho blikket attende mot opphavet for skaparverket og vidare frametter mot notida – tida Voluspå blei skrive. Etter det følgjer spådomen hennar om framtida. I skremmande bilete skildrar ho korleis verda går under i Ragnarok og æsene fell. Like før verda går til grunne, kjemper Tor, som den einaste attlevande guden, ein siste gong med Midgardsormen. Slaget endar med at sola sloknar og verda søkk i havet. I dei siste strofene fortel volva korleis jorda stig opp att frå havet, og ei ny verd blir til.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Voluspå