Vozjegaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vozjega
Munning Vozje
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 140 km
Nedslagsfelt 1 980 km²

Vozjega eller Vozja (russisk Вожега eller Во́жа) er ei elv i Vologda oblast i Russland som munnar ut i innsjøen Vozje. Elva er 140 km lang og har eit nedslagsfelt på 1980 km².

Dei største sideelvane hennar er Tsjuzjga og Tavenga, begge frå høgre.

Vozjega spring ut frå Verkhnevazjskojhøgda, som ligg nord i Vologda. Elva renn hovudsakleg vestover og følgjer eit svingete elvefar. Breidda er hovudsakleg skogkledd og området som elva renn gjennom er tynt folkesett.

Elva renn tre kilometer frå byen Vozjega.

Vozjega er rik på fisk og er ei populær elv for både fiske og vassport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]