Watergate Bay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Watergate Bay er ei bukt om lag 3 km nord for Newquay nær landsbyen Padstow i Cornwall i Storbritannia.
I bukta finst ei 3 km lang sandstrand og sidan ho opnar ut mot nord, er ho ein populær stad for vassport, drakeflyging og sandkunst. I mai 2007 vart den engelske meisterskapen i surfing halde her.[1] Watergate Bay Hotel og Fifteen Cornwall, ein restaurant starta av kjendiskokken Jamie Oliver, ligg like oppfor stranda, og det ligg mange campingplassar i nærleiken.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Bilete frå Watergate Bay
- Webkamera frå Watergate Bay
- lookaroundcornwall.com: Panoramabilete
- Watergate Bay-bilete
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Watergate Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: