Watershoot Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Watershoot Bay mot aust.

Watershoot Bay er ei bukt på sørenden av Isle of Wight i England. Ho ligg sørvest for landsbyen Niton. Bukta vender sørover mot Den engelske kanalen og er ein av dei minste og mest fjerntliggande buktene på Isle of Wight med ei 100 meter lang klippete kystlinje. Ho ligg vest for fyret på St. Catherine's Point og er omgjeve av åslendt graslandskap og kratt, eigd av National Trust. Dette området vert kalla Knowles Farm.

Stranda består hovudsakleg av klipper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°35′ N 1°18′ W