Penninane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Penninane i Nord-England
Typisk landskap i Penninane, her i Forest of Bowland

Penninane er ei låg fjellkjede nord i England, som skil Nordvest-England frå Yorkshire og Nordaust-England.

Dei vert ofte skildra som «ryggraden i England»,[1][2][3] og dei dannar ei meir eller mindre samanhengande fjellrekkje frå Peak District i Derbyshire, rundt nord- og austenden av Stor-Manchester, gjennom Yorkshire Dales forbi Cumbrian Fells til Cheviot Hills på grensa til Skottland. Nord for Aire Gap går ein arm av Penninane ut vestover til Lancashire, Forest of Bowland, og sør for Aire Gap går ein liknande arm, Rossendale Fells og West Pennine Moors.[4]

Sjølv om det som er nemnd over er den vanlege definisjonen, er ikkje Cheviot Hills strengt tatt ein del av Penninane, sidan dei er fråskilde fjella av Tyne Gap og Whin Sill, der vegen A69 og Hadrianmuren går.

Penninane er eit viktig nedslagsfelt med mange reservoar som kjelder for fleire store elvedalar. Regionen vert rekna som eit av dei vakraste naturområda i Storbritannia.[5] North Pennines og Nidderdale har status som Area of Outstanding Natural Beauty (AONB, særleg vent naturområde), medan delar av Penninane utgjer delar av Peak District nasjonalpark, Yorkshire Dales nasjonalpåark og Northumberland nasjonalpark.[6] Pennine Way, ein lang sti, går langs heile Penninane og er 429 km lang.[7]

Fjella er ikkje særleg høge, og blir gjerne omtalt som åsar (hills). Den høgaste toppen er Cross Fell aust i Cumbria, på 893 moh; andre kjende toppar er Mickle Fell (788 moh), Whernside (736 moh), Ingleborough (723 moh), Pen-y-ghent (693 moh) og Kinder Scout (636 moh).

Penninane er det viktigaste vasskiljet i det nordlege England, og deler området i ein austleg og ein vestleg del. Elvane Eiden, Ribble og Mersey har alle utspringet sitt i Penninane og renn vestover mot Irskesjøen. På den andre sida finn ein elvene Tyne, Tees, Swale, Aire, Don og Trena som renn mot Nordsjøen.

Geologien er dominert av store førekomstar av sandstein og kalkstein, noko som fører til at det finst mange grotter og underjordiske elver, særleg på austsida. Nokre av desse er blant dei største i England, til dømes gapet ved Gaping Hill (over 107 meter djupt) og Rowten Pot (over 111 meter). Kalksteinen har òg gjekk opphav til nokre uvanlege formasjonar, som kalksteindekket ein finn i delar av Yorkshire.

Landskapet består for ein stor del av høgliggande myrlandskap skilt av fruktbare dalar. I tilhøve til resten av England er folketettleiken generelt låg. Dei viktigaste næringsvegane er sauehold, steinbrot og turisme.

Namnet kjem truleg frå eit keltisk ord, penno, som tyder «ås», men dette er noko usikkert då ein ikkje finn tidlegare referansar til dei enn frå 1700-talet. Det er truleg at namneforma er påverka av Apenninane i Italia, som mange engelske gentlemen vitja i den tida Penninane ser ut til å ha fått det moderne namnet sitt. Òg det namnet blir forklart med same keltiske ord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Poucher, W.A. (1946). The Backbone of England. A biletegraphic and descriptive guide to the Pennine Range from Derbyshire to Durham.. Guildford and Esher: Billing and Sons Limited .
  2. Edwards, W.; Trotter, F.M. (1975). The Pennines and Adjacent Areas. Handbooks on the Geology of Great Britain (Third ed.). London: HMSO ( utgjeve 1954). s. 1. ISBN 0 11 880720 X .
  3. «Pennines -- Britannica Online Encyclopedia». http://www.britannica.com/eb/article-9059088/Pennines. Henta 2008-02-28. 
  4. Dudley Stamp, L (1946). «Britain’s Structure and Scenery». Nature. The Fontana New Naturalist Series (London and Glasgow: Collins) 158 (4023): 809. Bibcode 1946Natur.158..809T. doi:10.1038/158809a0 .
  5. «Writer inspired by beauty of Pennines celebrates its views - Yorkshire Post». www.yorkshirepost.co.uk. http://www.yorkshirepost.co.uk/news/Writer-inspired-by-beauty-of.4564162.jp. Henta 1. juli 2011. 
  6. «Designated Landscapes Index». Natural England. http://www.countryside.gov.uk/LAR/Landscape/DL/index.asp. Henta 1. juli 2011. 
  7. «Trail stats, Pennine Way». National Trails Homepage. The Countryside Agency. http://www.nationaltrail.co.uk/PennineWay/text.asp?PageId=34. Henta 1. juli 2011.